Heim Nyhende NBU-prisen til Falturiltu

NBU-prisen til Falturiltu

Falturiltu er tildelt NBU-prisen 2012 for sitt arbeid med formidling av barne- og ungdomslitteratur. 

Prisen vart delt ut Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere på medlemsmøtet 12. oktober.  Litteraturfestivalen Falturiltu opnar 4. november med Odd Nordstoga, Ragnar Hovland og Maria Parr på programmet. 

– Litteratur for barn og ungdom står i 2012 sterkare enn nokonsinne. det kjem ut mange og gode bøker for dei viktigaste lesarane, dei yngste. Norsk litteratur får merksemd ute i verda, norske bøker blir omsett til andre språk og norske forfattarar blir invitert ut i verda for å fortelje om sine bøker, skriv juryen i grunngjevinga for prisen. 

Les også: Falturiltu får støtte frå Sparebanken Vest

– Likevel meiner me aldri at litteraturen vår kan få nok – eller for mykje  – merksemd. Me er difor glade for at det finst eldsjeler som vil legge ned mykje og viktig arbeid i å formidle bøkene til eit breidt publikum . I Noreg finst det i dag ei rekke festivalar som vil ivareta litteraturen og forfattarskapa.  I Norge finnes det i dag en rekke festivaler som vil ivareta litteraturen og forfatterskapenn, seier juryen og viser til at Sunnhordland har markert seg som eit kraftsentrum i norsk barne – og ungdomslitteratur. 

Les programmet for Falturiltu 

– Felles for mange av desse forfattarane er at dei skriv på nynorsk og har bidrege til at nynorske barne-og ungdomsbøker har ein så sterk posisjon som dei har i dag, med alt frå biletbøker for dei minste, til dikt, spenning og grøssarar. Kva er meir naturleg enn at ein i eit slikt kraftsentrum også arrangerer ein eigen festival for denne litteraturen, ein festival som er den einaste nynorske festivalen for barne-og ungdomsøker i heile verda, slår juryen fast. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...