Heim Nyhende Nesten 80 millionar ekstra

Nesten 80 millionar ekstra

Dersom Ørsta og Volda slår seg saman til ein kommune, får dei nesten 80 millionar kroner i frie midlar over dei første ti åra, skriv NRK Møre og Romsdal.

Sunnmørsposten har fått Telemarksforsking til å rekne ut kva kommunane Ørsta og Volda kan få i frie midlar frå staten om dei slår seg saman, skriv NRK Møre og Romsdal. Dei har kome fram til at kommunane vil få vel sju millionar kroner kvart år i ti år framover, til saman 76,7 millionar. Debatten om kommunesamanslåing går no friskt i kommunane.

Ordførar i Volda, Ragnhild Aarflot Kalland, seier til Sunnmørsposten at sju millionar i året er meir enn ho hadde våga å tru på.

Men det er ikkje dei økonomiske drivkreftene som ligg bak at me ynskjer å sjå på ei kommunesamanslåing, seier ho og viser til at det er store fordelar ved ei kommunesamanslåing. Blant anna trur ho den nye kommunen vil bli eit tyngdepunkt på søre Sunnmøre.

Ordførar Gudny Fagerhol i Ørsta er derimot ein av to som stemte i mot samanslåing då saka var oppe i kommunestyret i Ørsta.

Det er ikkje truverdig å lokke med pengar i ein periode dersom det vert ein blåmåndag når pengane forsvinn, seier ho til Sunnmørsposten.

Etter 2021 vert ekstramidlane trappa ned. Det var i desember 2009 at Ørsta fridde til Volda om ei eventuell kommunesamanslåing. Ein storkommune vil i tilfelle få om lag 19 000 innbyggjarar.

 

Førre artikkelPositive til tvang
Neste artikkel– Rett val å ta

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...