Heim Nyhende - Rett val å ta

– Rett val å ta

Fire år har gått sidan Vindafjord og Ølen i Rogaland slo seg saman til ein kommune. – Vi valde å vere i forkant, seier ordførar Arne Bergsvåg (Sp) i Vindafjord.

– For dåverande Ølen kommune var samanslåing med Vindafjord eit strategisk grep å ta i staden for å vente på å bli slukt opp av større kommunar, seier ordføraren.

Viss alternativet til dagens kommunestruktur er ein tonivåmodell med 70-80 store bykommunar, så meiner Bergsvåg fleire kommunar burde vurdere kommunesamanslåing på same måte som Vindafjord.

– Med det bakteppet vil eg absolutt tilrå kommunar å vurdere å slå seg saman.

Men generelt meiner han kvar einskild kommune må vurdere kommunesamanslåing ut frå sin eigen situasjon.

Arne Bergsvåg var ordførar i tidlegare Ølen kommune, og han merker heilt klart skilnad på å representere ein stor kommune kontra ein mindre. Det gir ein større tyngde å snakke med 8000 innbyggjarar i ryggen, meir enn dobbelt så mange som i den gamle kommunen hans.

– Det er sjølvsagt vanskeleg å måle kor mykje meir makt til å påverke vi har fått no. Men kjøtvekta tel, det ser eg.

Politikarane merkjer mellom anna at dei får gjennomslag i regionale saker på ein annan måte enn før, spesielt innafor samferdsle.

Ein vel så viktig effekt for kommunen meiner ordføraren er at etatane har fått større fagmiljø. Ein større teknisk etat og fleire sakshandsamarar innafor barnevern gir gevinstar til innbyggjarane.

– Barnevernet i små kommunar er sårbart. I krevjande saker kan alt avhenge av god kjemi mellom sakshandsamaren og brukaren. No har vi fått eit større team med fleire sakshandsamarar.

Som før

– Korleis har innbyggjarane i nye Vindafjord fått det etter kommunesamanslåinga?

– Dei aller fleste merkjer ikkje store skilnaden, seier Bergsvåg. – Skulestrukturen er som før, og vi har jobba med å betre tilbodet ute i grendene.

Bergsvåg får god støtte i dette synet av rapporten Frivillige kommunesammenslutninger 2005–2008, som vart utarbeidd av Telemarksforsking i 2009. Her er fire nylege kommunesamanslåingar sett under lupa, og for Vindafjord sin del konkluderer rapporten med at mykje er ved det same i den nye kommunen. Dei største endringane har skjedd i korleis kommunen har fordelt ressursane mellom administrasjon og tenestetilbod.

– Talet på årsverk har gått opp i kommunen. Men vi har slanka administrasjonen med omlag 20 årsverk, og vi har mellom anna oppretta fleire barnehagar. Dermed har vi fått ei betre fordeling av ressursane med fokus på tenestene, forklarar Bergsvåg.

– At talet på årsverk er høgt somme år, er heilt naturleg. Til dømes vil talet på ressurskrevjande brukarar svinge frå år til år.

Måtte gå

Alt har ikkje gått knirkefritt i jobben med å smelte to kommunar saman til ein.

Flytting og samlokalisering av pleie- og omsorgstenester har ført til protestar frå brukarar og ytterlegare omlokalisering. Også skilnader i dynamikk og kultur mellom dei gamle kommunane har vore utfordrande. Trass i at kommunane har hatt mykje samarbeid over kommunegrensene i alle år, har det vore til dels krevjande prosessar å samkøyre dei to, vedgår ordføraren.

– Vi vedtok samanslåinga i 2004 og sette den ut i live i 2006. I omstillingsfasen la vi opp til ein organisasjon som vart for brei, for flat i strukturen.

Det førte til ei ny omorganisering og ein rådmann som gjekk av. Etter kvart har organisasjonen gått seg til, og kommunen har funne forma si.

– I forhold til dei måla vi sette oss før samanslåinga, så er vi i mål med det meste. No skal vi etter kvart ha medarbeidar- og brukarundersøkingar for å sjå om også desse gruppene føler det slik, seier ordføraren.

– Er det noko de burde gjort annleis i samanslåingsprosessen?

– Frå vi vedtok samanslåing til den var sett ut i praksis, gjekk det to år. Det var litt vel lang tid.

Har blitt tøffare

Det politiske miljøet i Vindafjord er tøffare no, seier Ap-politikar Reidar Håvås.

– Dei folkevalde i Ølen og Vindafjord kom frå ulike politiske miljø og oppfattar saker og situasjonar ulikt, forklarar Håvås, som var ordførar i gamle Vindafjord kommune dei to siste åra før kommunane slo seg saman.

Burde vente

Ølen var ein industrikommune, medan Vindafjord først og fremst var ein jordbrukskommune. Skilnadene kommunane i mellom har gjort overgangen vanskeleg, også når det gjeld handsaming av politiske saker, meiner Håvås.

Sjølv var han motstandar av kommunesamanslutninga den gongen.

– Eg meinte vi burde venta med samanslåing, slik at vi kunne gjort dette samstundes med fleire kommunar. Vi har gjort denne jobben åleine og har drege med oss omstillingsprosessen inn i den nye kommunen, seier han.

Straumlinjeforma

Rapporten Frivillige kommunesammenslutninger 2005–2008 slår fast at innbyggjarane i kommunen ikkje merker store skilnader frå den gamle til den nye kommunen. Det er ei erfaring Håvås også har gjort seg. Samstundes peiker han på ei auka sentralisering av tenestetilbodet dei siste åra, noko som på sikt vil få innverknad på folk sin kvardag. Både helsestasjonane og barnevernet er flytta frå grendene til kommunesenteret.

Partifellen til Håvås, Roald Årvik, var tilhengjar av samanslåinga før avstemminga i 2003. Han ser òg at kvardagen har endra seg lite for innbyggjarane, men opplever elles at det har blitt lettare for kommunen å rekruttere folk no som fagmiljøa har blitt større.

– Vi har fått ein meir straumlinjeforma kommune, og ordføraren har fått meir tyngde når han representerer kommunen. Viss føremålet for kommunen er å bli så stor som mogleg, så vil eg naturleg nok tilrå det, meiner Årvik.

– Ser du for deg at Vindafjord kommune bør bli endå større?

– Nei, Vindafjord kommune er passe stor no.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...