Heim Nyhende Trur på samarbeid

Trur på samarbeid

– Eg trur ikkje løysinga er å slå saman kommunar, seier ordførar Arne Sanden (Ap) i Lærdal kommune.

Lærdal er ein av 147 kommunar som har vist interesse for å delta i nettverket Lokalsamfunnforeningen, der målet er å arbeide mot kommunesamanslåingar. Åmot-ordførar Ole Gustav Narud (Sp) står i spissen for arbeidet og legg vekt på at ein no ynskjer å få balanse i debatten om kommunestrukturen. Mange peikar på at samhandlingsreforma er ei utfordring for små kommunar. Narud er ikkje samd i det.

– Eg trur samhandlingsreforma er meir ein sjanse enn ein trussel for små kommunar. Det finst mange modellar der kommunar samarbeider godt på tvers av kommunegrensene, og der dette ikkje vil bli noko problem, seier han.

– Dette handlar jo om kva befolkninga vil, kva innbyggjarane i kommunane eigentleg ynskjer, seier han.

Foreininga tek mål av seg å ikkje berre arbeide mot kommunesamanslåing, men også mot sentralisering av viktige velferdstenester. I tillegg ynskjer ein å samarbeide med ulike fagmiljø i universitets- og høgskulesektoren for å få fram informasjon og fakta om temaet.

– Stor avstand

Narud meiner responsen på initiativet har vore bra, men stussar over at interessa i til dømes Sogn og Fjordane ikkje har vore større. I fjordfylket er det berre Balestrand og Lærdal som har takka ja til å bli ein del av arbeidet.

– Dette handlar jo om identitet også. Det er mange viktige kultur- og språkpolitiske spørsmål her. Dersom me sit att med 100 kommunar, trur eg ikkje me har mange nynorskkommunar igjen, slår Narud fast.

Ordførar Sanden i Lærdal viser til at dette ikkje har vore oppe til politisk behandling, men at han har svara positivt på brevet frå Lokalsamfunnforeningen. Han meiner dette er ei viktig sak.

– Eg er redd det fort kan bli for stor avstand mellom dei som styrer og dei som bur i kommunane, meiner Ap-ordføraren, som også håpar Lokalsamfunnforeningen kan bidra med kunnskap, slik at kommunane står betre rusta i debatten om kommunestrukturen.

Større fagmiljø

Arne Sanden meiner også små kommunar kan vere viktige for å halde på det lokaldemokratiske engasjementet. Han meiner det vil bli endå vanskelegare å få folk til å stille på listene til dei politiske partia dersom kommunane blir større.

– Lokalsamfunnet engasjerer. Me har jo eit godt døme i kampen for lokalsjukehuset vårt; det er ein kamp som har engasjert stort i mange år, fortel han.

Sanden viser også til at Lærdal har eit tett samarbeid med nabokommunane om mellom anna renovasjon, barnevern, legevakt, landbrukskontor og plan- og byggjesaker.

– Me samarbeider etter vertskommunemodellen, og det fungerer godt. På grunn av det tette samarbeidet oppnår me også eit større fagmiljø, og dermed unngår me å bli sårbare. Det er absolutt ikkje naudsynt med kommunesamanslåing for å oppnå det, slår han fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...