Heim Nyhende –Samanslåing sit langt inne

–Samanslåing sit langt inne

Forskar Kjetil Lie ved Telemarksforsking meiner det vil vere samfunnsøkonomisk lønnsamt å redusere talet på kommunar.

Telemarksforsking har sett på kva erfaringar ein sit att med etter dei fire frivillige kommunesamanslåingane som er gjennomførte i landet etter 2002. Kristiansund og Frei kommune slo seg saman 1. januar 2008, i 2005 vart Bodø og Skjerstad kommune i Nordland til nye Bodø kommune, og i 2006 slo Aure og Tustna kommune i Møre og Romsdal seg saman til nye Aure kommune. I 2006 slo også Ølen og Vindafjord kommune i Rogaland seg saman, til nye Vindafjord kommune.

Betre kvalitet

Rapporten frå Telemarksforsking viser at erfaringane ein sit igjen med, i store trekk er positive. Resultata viser også at det er avgjerande korleis samanslutninga vert gjennomført, og kor lang tid prosessen tek.

– Kommunane står fram som meir robuste fagmiljø og mindre sårbare etter samanslutningar, seier Lie.

Rapporten frå Telemarksforsking viser mellom anna at kvaliteten på tenestene kommunane leverer, blir betre på grunn av større fagmiljø. I fleire tilfelle er også ressursar flytta over frå leiing, administrasjon og fellesoppgåver til tenesteproduksjon. Likevel legg ein i rapporten vekt på at det kan bli større utfordringar med å få ei harmonisering av tenestenivået dersom kommunane og nivået på tenestene er svært ulike. I følgje rapporten har kommunane lagt vekt på å oppretthalde eit desentralisert tenestetilbod. Kommunane meiner også dei er betre rusta til å møte utfordringar innan samfunns- og næringslivsutvikling.

– Det bør vere eit potensiale for økonomisk innsparing ved samanslåingar, meiner Kjetil Lie.

– Større gulrøter

Trass i at forskinga viser positive resultat, tviler han likevel på at det vil bli mange frivillige kommunesamanslåingar i framtida.

– Det må nok større økonomiske gulrøter til skal ein få dét til. Ei kommunesamanslåing sit langt inne for mange, det handlar ofte om kjensler og posisjonar. For mange er tanken på å slå seg saman med ein annan kommune framand, meiner Kjetil Lie.

Han trur derimot ein må til med tvangssamanslåingar om ein skal redusere talet på kommunar.

– Det blir vel sagt at dersom ein kommune skal få noko ut av den planlagde samhandlingsreforma, bør kommunen ha mellom 20 000 og 25 000 innbyggjarar. I så fall må det til ein betydeleg reduksjon i talet på kommunar, mykje meir enn ei halvering, slår Lie fast og legg til at ein no ikkje berre bør sjå på kommunegrensene, men også på inndelinga mellom fylkesgrensene.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...