Dei 428 kommunane i landet bør bli til 100, men det viktigaste er robuste bykommunar, meiner NHO-direktør Kristin Skogen Lund.
– 100 kommunar er eit realistisk mål. Men det viktigaste er å skape robuste bykommunar der byar og omland har vakse saman til bu- og arbeidsmarknadsregionar, seier NHOs administrerande direktør til Dagbladet.
LES OGSÅ: Fleirtal vil ha folkeavstemming om kommunesamanslåing
Store bykommunar
NHO krev at Stortinget sørgjer for at eit nytt kommunekart er klart i 2017, og organisasjonen har i samarbeid med sine regionkontor laga forslag til nye storkommunar rundt dei store byane. Desse storkommunane representerer 60 prosent av befolkninga i landet. I Oslo-regionen foreslår NHO at 23 kommunar blir til fem, mens 18 kommunar rundt Ålesund blir foreslått slanka ned til éin.
LES OGSÅ: Vil halde på bygda ved kommunesamanslåing
Hastverk
Ifølgje NHO taper næringslivet på kommunestrukturen vi har i dag, og meiner derfor at det hastar med å få ned talet på kommunar.
Regjeringa har tatt sikte på å få på plass ein ny kommunestruktur innan 2020. I 2016 går fristen ut for frivillige samanslåingar. (©NPK)