Heim Nyhende NHO vil tvinge kommunar saman

NHO vil tvinge kommunar saman

Stortinget må bruke tvang for å slå saman små kommunar, meiner NHO-sjef John G. Bernander.

 

 – Stortinget må ikkje abdisere frå sin fordømte rolle, nemleg å sikre den forvaltninga av landet som gir best mogleg resultat. Valfridom har ikkje gitt nokon storm av resultat, seier Bernander til Dagens Næringsliv.

Bernander meiner at større kommunar er meir effektive enn små og at det også er noko NHO sine 20.000 medlemsbedrifter vil tene på. Han viser til ei fersk NHO-undersøking der sju av ti ordførarar og åtte av ti rådmenn seier dei ser føremoner ved kommunesamanslåing.

Samstundes seier fire av ti at det ikkje blir lagt tilstrekkelege føringar frå sentralt hold til at fleire kommunar slår seg saman.

– Ein effektiv offentleg sektor og kvalitativt robuste tenester er kjempeviktig for bedriftene. Me er også opptekne av å trekkje til oss kompetanse. Då spelar helse, velferds- og ikkje minst skuletilbodet ei stor rolle, seier Bernander til DN. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...