Heim Nyhende Optimist på nynorskavisa sine vegner

Optimist på nynorskavisa sine vegner

Dei nynorske avisene står sterkt på eigen bein. Dei motttar inga særskild pengestøtte frå det offentlege, men overlever på ein grenselaus idealisme. Det seierdirektør ved Ivar Aasen-tunet, Ottar Grepstad, som i desse dagar gir ut boka « Avisene som utvida Noreg-Nynorskpressa 1850-2010».

–  Det blir ofte sagt at nynorsken blir halde kunstig i live. Nynorskavisene er eit godt døme på at så ikkje er tilfelle. Bortsett frå Dag og Tid og Nynorsk pressekontor blir det ikkje gitt statleg støtte til nynorskaviser spesielt, seier Grepstad. Det som i stor grad er med og held desse avisane gåande, er samspelet mellom eigar, utgivar og lesar. Tradisjonelt har organisasjonar og enkeltmenneske i målrørsla vist stor vilje til å stille opp for sine aviser, både gjennom å dele økonomisk overskot, men og ved å bidra redaksjonelt, forklarar forfattaren.

I den nye boka si fortel Grepstad historia til nynorskpressa og viser utviklingstrekk frå 160 år med pressehistorie som tidlegare ikkje har vore samla på denne måten. Vi får vite at med unntak av ein periode på 70-talet, har det aldri vore fleire nynorskaviser i Noreg enn no. I dag finst det 58 aviser som er redigerte på nynorsk. Alle er fådagsaviser, med unntak av dagsavisa Firda. Og alle er lokalaviser, med unntak av Dag og Tid, fortel Grepstad. At den gjennomsnittlege nynorskavisa no er lokal er ikkje overraskande, meiner han.

– Den demografiske utviklinga og den allmenne sentraliseringa har ført oss hit. På 20 og 30-talet var det fleire nynorske byaviser, og nynorskmiljøa hadde tettare tilknyting til byområda. Slik er det ikkje lenger. Historisk veit vi og at den nynorske avistradisjonen fekk seg ein knekk ved okkupasjonen i 1940.

Når det gjeld framtida for nynorskavisene, er Ottar Grepstad optimist. Han meiner dei fleste lokalavisene heng godt med inn i den digitale tidsalderen, og viser til at 52 av 58 nynorskaviser i dag satsar på nett.

– Desse avisene har drive ein form for interaktivitet med sine lesarar også før media vart digitalisert. Tidlegare var mange av desse avisene avhengige av bidrag frå publikum, mykje grunna mangel på nynorskskrivande journalistar.

Å dra veksel på skriveføre lesarar på denne måten har det vore tradisjon for i nynorskavisene, og Grepstad meiner denne tradisjonen har mange element frå dagens interaktive mediekvardag i seg.

– Samstundes ser vi at somme små aviser bevisst prioriterer papirutgåvene sine og ikkje ser seg råd til å satse på nett. Det har eg respekt for, seier Grepstad, som minner om at Internett som fenomen trass alt er svært ungt.

– Vi må hugse på at den eldste nettavisa berre er femten år gammal. Den eldste nolevande papiravisa, Hordaland, har vore i drift sidan 1873. Hordaland skifta for øvrig til landsmål i 1908.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...