Heim Nyhende NM i Facebook

NM i Facebook

Meir enn halvparten av norske kommunar har no ei offisiell side på Facebook, og Sarpsborg og Utsira er mellom dei beste til å bruke dei.

Det er kommunikasjonbyrået I all offentlighet som nyleg har gjennomført eit NM i Facebook, og dei har vegd og målt kommunane sin innsats i sosiale medium.

Her ser dei på kor mange følgjarar kommunesidene har, om folk engasjerer seg på sidene og om talet på følgjarar aukar.

I denne andre NM-runden er Sarpsborg kommune halde fram som vinnar i følgjar-kategorien: Sarpsborg er den kommunen med flest antall følgjarar totoalt sett, dei har 5618 som likar sida. Samstundes vinn Utsira klassen for flest følgjarar relativt til innbyggjartalet i kommunen. Utsira, med sine 206 innnbyggjarar, har 1212 følgjarar på Facebook.
Båe desse kommunane har også fått heider og skryt for sine nett- og sosiale mediumsatsingar ved andre høve.

Elles er det Rissa og Vindafjord kommunar som har dei mest engasjerte brukarane på Facebook, følgjarane deira og andre deler ivrig innhaldet deira vidare. Berg og Bergen kommuar toppar kategoriane vekst i talet på følgjarar.

I all offentligeht definerer kommunen si Facebook-side som ei heilskapleg side som representerer heile kommunen, ikkje berre einskilde sektorar som bibliotek eller kultur.

Vil du sjå om din kommune nådde opp? Her ser du heile oversikten.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...