Heim Nyhende – No må nynorskkommunane bruka marknadsmakta si

– No må nynorskkommunane bruka marknadsmakta si

Gudrun Kløve Juuhl ber kommunane gå saman om å krevja digitale læremiddel på nynorsk.

Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Det kunne Framtida.no fortelja tysdag.

LES SAKA: Stort behov for digitale læremiddel på nynorsk

– No når mange kommunar set i gang ei storstilt digitalisering av skulen, er det avgjerande at nynorskkommunane saman nyttar marknadsmakt for å krevja nynorskutgåver av programvare som skal brukast i skulen.

Det skriv Gudrun Kløve Juuhl eit brev til oppvekstsjefen i Volda kommune. Her uttrykkjer ho uro for om kommunen har sikra at alle appane som skal brukast som læremiddel, finst i nynorskutgåve, slik opplæringslova krev.

På eit foreldremøte fekk nokre foreldre melding om at berre éin av appane som skulle brukast var på nynorsk, fortel Kløve Juuhl som til vanleg jobbar som førsteamanuensis i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda, og elles er leiar i Volda mållag.

Treng meir nynorsk for å bli sikre i nynorsk

Kløve Juuhl har forska på rettskrivinga til sjetteklassingar, og fann at mange nynorskelevar er usikre på nynorsken.

Gudrun Kløve Juuhl er leiar i Volda Mållag og jobbar som førsteamanuensis i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda til vanleg. Foto: Line Kibsgaard

– Elevane treng meir nynorsk i skulen for å bli trygge på språket sitt, seier ho til Framtida.no, og åtvarar mot konsekvensane av å ikkje bruka nynorsk i skulen. Ho meiner samstundes at Utdanningsdirektoratet burde presisert tydelegare kva som er eit læremiddel.

Opplæringslova krev at alle læremiddel skal vera tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris.

LES OGSÅ: Forskar: Tilråd jamleg dusj med nynorsk

I gråsone

Oppvekstsjef i Volda Per Ivar Kongsvik vedgår at dei kan vera i ei gråsone når fleire av appane som er til bruk i skulen ikkje finst på nynorsk.

– Me har tatt store digitale framsteg på kort tid. Me har brukt store investeringar på ipadar til elevane, og erkjenner at me trakkar opp nye spor, fortel han, og legg til:

– Volda er ein viktig nynorskkommune og det ansvaret kjenner me på.

Oppvekstsjefen fortel at Volda ilag med fleire andre kommunar på Sunnmøre har tatt spurt ein leverandør om det er mogleg å få ein app på nynorsk.

Han trur det vil vera lettare å få digitale læremiddel på nynorsk når fleire kommunar går saman, og peikar på Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK, oppmodar også kommunane om å bruka marknadsmakta si til å få fleire digitale læremiddel.

Grunn til håp

Else Berit Hattaland i Klepp Mållag og FAU ved Kleppe skule er samd i at kommunane bør gå saman om å krevja digitale læremiddel på nynorsk.

– I jærskulen bruker dei aller fleste elevane nynorsk, og viss alle kommunane går saman, så må det bli eit press for meir nynorsk, seier ho.

Kommunalsjef Trond Roy Pedersen i Klepp kommune seier at kommunen gjer sitt beste for å få dei digitale læremidla og læringsressursane på nynorsk.

– Me er ein pioner, og opplever at leverandørane høyrer på oss. Det gjev oss håp, seier han.

LES OGSÅ: Får kunnskapen inn med app

Forlag: Prøver å ha alt på nynorsk

– Policyen vår, for digitale så vel som trykte utgjevingar, er at alt innhald eleven skal forhalda seg til, blir tilbode på begge målformer, skriv Hege Jahr Glomnes (bildet), sals- og marknadssjef i Aschehoug Undervising i ein epost til Framtida.no.

Ho vedgår likevel at dei har noko innhald som berre finst på bokmål. Det gjeld i all hovudsak på gratis/eldre innhald.

– Viss ein loggar seg inn på Lokus, den digitale plattforma vår, kan ein velja nynorsk i profilen og får då automatisk opp alt innhald ein har tilgjenge til, på nynorsk. Dei aller fleste av brukarane våre er enno ikkje logga inn, slik at dei då ikkje har høve til å velja profilstyrt språkform, fortel ho.

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...