Heim Nyhende Nøgd med nynorskpakke

Nøgd med nynorskpakke

Nynorsk kultursentrum får 2,2 millionar kroner meir i framlegget til statsbudsjett for 2012. Pengane skal brukast til vidare utvikling av Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og det nasjonale Språkåret 2013. I alt får Nynorsk kultursentrum 14,5 millionar kroner neste år.

Det er 18 prosent meir enn i år, medan det samla budsjettet for Kulturdepartementet aukar med 4,6 prosent frå 2011.

– Det er svært gledeleg at regjeringa i eit stramt statsbudsjett satsar på Språkåret 2013 og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Dette er pengar som vil kome mange til gode, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum i eim pressemelding. – Auken til Hauge-senteret er ein fin motivasjon for Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad til å følgje opp.

 

2013 som nasjonalt språkår

På oppdrag frå regjeringa utviklar Nynorsk kultursentrum no ein plan for 2013 som eit nasjonalt språkår. Då er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret opna. Dette dobbeltjubileet skal bli grunnlaget for ei raus og myldrande feiring av språkmangfaldet i Noreg.

– Prosjektleiar Jens Kihl og ei styringsgruppe under leiing av Grete Riise er svært godt i gang, seier Ottar Grepstad. Kulturdepartementet får prosjektplan og prosjektbudsjett i januar.

 

Pengar til drift, men ikkje investering i Ulvik

Statsbudsjettet inneheld ikkje investeringsmidlar for Hauge-senteret. – Ulvik herad har gjort huset klart, og vi har fått dei første investeringsmidlane frå fylkeskommunen. Før vinteren er omme, vonar vi at stat, fylkeskommune og kommune er blitt samde om fordeling av både investerings- og driftsmidlar til Hauge-senteret i framtida, seier direktør Ottar Grepstad.

 

Nynorskpakke og statsstipend

Det Norske Teatret, Nynorsk Pressekontor og nynorskstøtta i Norsk kulturråd er blant dei tiltaka som får vesentleg meir neste år.

Les kva vi har skrive tidlegare om statsbudsjettet.

Samarbeidsorganet Nynorsk Forum la i vinter fram ein dokumentasjon som viste at regjeringa Stoltenberg har brukt ein mindre del av kulturbudsjettet til nynorsktiltak enn regjeringa Bondevik gjorde.

– Det overraska nok både oss og kulturministeren, seier Ottar Grepstad. I sommar la nynorskmiljøet fram eit felles prioriteringsforslag til statsbudsjettet. – Mykje der blei teke til følgje, men meir må gjerast. Særleg gjeld det Norsk Ordbok, meiner Grepstad.– Vi gler oss også stort over statsstipend til Edvard Hoem. Det kjem norske boklesarar til å få mykje att for.

 

Fosse-arkivet er neste prosjekt

Neste store prosjekt for Nynorsk kultursentrum er Jon Fosse-arkivet. Planen ligg der i eit avslutta forprosjekt som fekk tverrpolitisk tilslutning. Det står att å finne rette staden for arkivet.

– Hordaland Teater planlegg ei nynorskscene i Bergen. Det kan vere ein aktuell stad også for Fosse-arkivet, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...