Heim Nyhende Nøgde med barnehagekampanje

Nøgde med barnehagekampanje

Noregs Mållag har hatt barnehagekampanjen «Gjennom ord blir verda stor» gåande sidan i fjor vår. I oktober og november hadde dei kampanjeveker.

– Vi hadde faktisk ikkje så høg aktivitet under kampanjevekene, men viss vi ser hausten under eitt, har vi vore på besøk i mange barnehagar, fortel informasjonskonsulent i Noregs Mållag, Hege Lothe. Ho har hovudansvaret for «Gjennom ord blir verda stor».

Denne hausten har det vore mållagsleiar Håvard B. Øvregård, Hege Lothe og styremedlemmene Jens Kihl og Terje Kjøde som har teke seg av dei fleste barnehagebesøka i regi av Noregs Mållag.

– Eg blir teken veldig godt imot i barnehagane. Eg opplever at dei tilsette er opptekne av og flinke i språklæring og språkstimulering, men at dei ikkje har blitt gjort medvitne om nynorsk-bokmål-tematikken. Dei tilsette er glade for at vi gjer dei merksame på dette, uttalte Øvregård til LNK.no i november.

– Vi er nemleg opptekne av at nynorske bøker skal lesast på nynorsk, og at barna også skal lære seg songar og regler på nynorsk, held han fram.

I løpet av tida sidan oppstarten av barnehagekampanjen har tilsette og tillitsvalde i Mållaget og representantar frå lokallag vore innom godt over 100 barnehagar. Kampanjen skal vere ferdig til landsmøtet i Oslo i april.

– Vi får stadig nye avtaler med barnehagar på plass, og det er veldig kjekt. Nå i desember skal vi mellom anna til Gvarv i Telemark, Stavanger og Naustdal i Sogn og Fjordane, seier Lothe til LNK-avisa.

– Korleis er Mållaget nøgde med barnehagekampanjen så langt?

– Vi er veldig nøgde. Vi opplever at vi i Mållaget sentralt og dei ute i lokallaga får snakka både med foreldre, byråkratar, barnehagetilsette og politikarar. Folk er veldig positive til kampanjen både i bokmåls- og nynorskområde. Sjølv i dei tjukkaste nynorskområda er det naudsynt å snakke om nynorsk språkstimulering, fordi barnehagane har eit så stort bokmålstilfang, seier Lothe.

– Å reise rundt i barnehagar har blitt ei positiv oppleving for målfolka våre, sidan dei blir tekne så godt i mot rundt omkring, legg ho til.

Informasjonskonsulenten trur ikkje Mållaget si satsing på barnehagar er over etter landsmøtet i april neste år.

– Det forundrar meg om Mållaget vel å leggje bort dette arbeidsfeltet. Det blei vedteke eit treårig program for satsing på barn og unge på landsmøtet i år, derfor trur eg kampanjen vil halde fram, men kanskje ikkje i same form som i dag, sluttar Lothe.

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...