Heim Nyhende Therese Johaug får Dialektprisen 2011

Therese Johaug får Dialektprisen 2011

– Ho er eit fantastisk førebilete for ungdom over heile Noreg, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom.

Dialektprisen til Norsk Målungdom vert delt ut ein gong i året og går til offentlege personar som har utmerkt seg positivt med dialekten sin. I år går den gjeve prisen til langrennsløparen Therese Johaug.

– Ho har gjort dialekten frå Dalsbygda til ein del av varemerket sitt og er eit fantastisk førebilete for ungdom over heile Noreg, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom.

– Nokre dialektar er mindre aksepterte enn andre. Dette gjeld spesielt bygdedialektane på Austlandet, og difor er det avgjerande at personar som Therese Johaug syner fram at desse dialektane duger like godt i det offentlege rom som andre dialektar, forklarer Nygård i ei pressemelding målungdommen har sendt ut.

Landsstyret i Norsk Målungdom har delt ut Dialektprisen kvart år sidan 2001. Johaug er dialektprisvinnar nummer ti i rekkja, og kjem i storfint selskap med mellom andre Eli Kari Gjengedal, Lars Vaular og Ravi. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...