Heim Nyhende – Fleire må lære seg nynorsk og dialekter

– Fleire må lære seg nynorsk og dialekter

Russiske Elena Tkachenko meiner fleire med utanlandsk bakgrunn må lære seg nynorsk og dialektar, for å kunne fungere betre i det norske samfunnet.

Sjølv tok ho eit kurs i nynorsk og dialektar ved Universitetet i Oslo (UiO) i vår. Ho arbeider nå som førstelektor på førskulelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– For meg var det viktig å ta kurset i nynorsk og dialektar fordi eg har behov for å kunne det i jobben min. Og som statstilsett må eg kunne begge målformene, både bokmål og nynorsk. Med dette kurset i handa treng eg ikkje lenger be kollegaene mine om å rette tekstar på nynorsk. No kan eg gjere det sjølv, seier Tkachenko til Uniforum, nettavis for UiO.

Toril K. Sjo er faglærar på nynorsk- og dialektkurset ved UiO. Ho seier til Uniforum at ho har sleppt seg litt laus etter at ho starta dette kurset.

– Det er første gong eg har kunna bruke min eigen Halsnøy-dialekt i forelesingane på Universitetet i Oslo. Eg synest det er eit stort privilegium å kunne undervise så godt motiverte og flinke studentar. Og vi vil tilby eit nytt kurs i nynorsk og dialektar for alle interesserte i vårsemesteret 2012, opplyser ho.

Les kva vi tidlegare har skrive om studiumet ved UiO.

Dialekt i kvardagen

Elena Tkachenko er ei ivrig talskvinne for at fleire med utanlandsk bagrunn må lære seg nynorsk og dialektar.

– På alle norskkurs for utlendingar lærer dei bokmål. Når dei kjem ut på gata igjen og opplever det verkelege livet, snakkar dei aller fleste ei eller anna form for dialekt. På den måten er dette kurset ein fin inngangsport til både å lære nynorsk og meir om norske dialektar, understrekar Tkachenko.

– Sjølv er eg blitt så opptatt av dette, at når eg snakkar med nordmenn gløymer eg kva dei snakkar om og berre prøver å finna ut kvar dialekten deira kjem frå, ler ho.

Ifrå Russland er ho ikkje van med at dialektar er så viktige som i Noreg.

– I Russland har dialektar låg status, og det er heilt umuleg for ein fjernsynskanal å la medarbeidarane bruke ein russisk dialekt. I Noreg har derimot dialektane svært høg status og vi høyrer dei overalt. Eg synest det er fint, og difor bør også folk med utanlandsk opphav som bur i Noreg læra meir om desse dialektane. Dei med utanlandsk opphav som brukar dialekt, set seg ofte lettare i respekt enn dei som ikkje gjer det, meiner ho.

– For mange puristar

Elena Tkachenko svarar sjølv på nynorsk på e-postar og brukar nynorsk når ho kommenterer nynorskoppgåver på førskulelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Nokre nynorskbrukarar er puristar og skal rette den minste feil i det eg skriv. Det er ikkje bra, for eg meiner sjølv at det viktigaste ikkje er at det er heilt korrekt, men at ein brukar det. Det kommunikative må vera viktigare enn at det skal vera grammatikalsk rett. Viss ikkje, er det lett for mange å gi det opp, trur ho.

Elena Tkachenko synest ikkje nynorske tekstar i lærebøker er vanskelege.

– Nei, eg synest ikkje det. For meg er ikkje tekstane på nynorsk vanskelegare enn dei som er på bokmål. Eit barn som les ei barnebok, vil forstå like godt den boka som er på nynorsk som den som er på bokmål. Det er mange av studentane på førskulelærarutdanninga som trur at barna vil forstå bokmål betre, og difor vil dei som ferdig utdanna førskulelærarar nedprioritera innkjøp av nynorske barnebøker, seier Tkachenko.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...