Heim Nyhende Klar for endå fleire turistar

Klar for endå fleire turistar

Geiranger har i meir enn 100 år vore eit naturleg reisemål for turistar i Noreg. Kvart år er rundt ein halv million bilturistar innom, medan godt over 200 000 cruisebåtturistar kjem sjøvegen. I juni blir Nasjonal turistveg Geiranger–Trollstigen endeleg offisielt opna.

Det har blitt jobba med å få på plass turistvegen sidan 90-talet. Sidan den 106 kilometer lange vegstrekninga mellom Langevatn på Strynefjellet og Sogge bru blei plukka ut til å bli ein av dei 18 nasjonale turistvegane i Noreg, har Statens vegvesen brukt fleire millionar kroner på å ruste opp utkikkspunkta langs strekninga.

– Det nyopprusta utkikkspunktet i Flydalsjuvet opna først i 2008, så kom Ørnesvingen, og i fjor sommar opna Gudbrandsjuvet med samferdsleministeren til stades. I Gudbrandsjuvet har det blitt lagt ned mykje pengar i kafébygg og toalettbygg, og i tillegg har private interesser bygd Juvet landsskapshotell, som fekk reiselivsprisen i fjor, fortel assisterande reiselivssjef i destinasjonsselskapet Destination Geirangerfjord–Trollstigen AS, Ove Skylstad.

Slik reklamerer Statens vegvesen for turistvegstrekninga i Indre Sunnmøre: «Geiranger–Trollstigen er vegen gjennom norsk vestlandsnatur på sitt sterkaste og byr på utsikt over stupbratte fjell, djupe fjordar og frodige dalføre. Sidan turismen sin barndom har Geiranger og Trollstigen vore attraktive reisemål for turistar frå heile verda. Geirangerfjorden og Nærøyfjorden representerer det vestnorske fjordlandskapet på UNESCO si verdsarvliste.»

 

Hovudferdselsåra inn og ut

Geiranger har rundt 250 fastbuande. Reiselivsnæringa gir grobotn for både bygda, kommunen og regionen. Det er fire hotell i den vesle bygda, og rundt 150 forskjellige reiselivsaktørar som driv med alt frå campingplassar, aktivitetsbedrifter med tilbod som rafting, juving, klatring og racerbåtar på fjorden, til bensinstasjonar og suvenirbutikkar.

– Kva betyr denne turistvegstrekninga for regionen?

– For reiselivet betyr ho alt. Det er hovudferdselsåra inn og ut av regionen. Heile anlegget er bygd opp etter turisttrafikken, slår Skylstad fast.

31. juli 1936 opna kong Haakon 7. den seks kilometer lange vegstrekninga Trollstigen frå Isterdalen til Stigrøra 852 meter over havet. Trollstigen har ni prosent helling og 11 hårnålssvingar. Det tok åtte år å byggje vegstrekninga. Strekninga er vinterstengd og vanlegvis open frå mai til oktober.

– Nå blir det jobba på spreng for å gjere Trollstigen klar til den offisielle opninga i juni neste år. Dei har rive den gamle restauranten og suvenirbutikken, og alt skal samlast på den andre sida av riksvegen. Det skal lagast tersklar i elva, eit fellesbygg med suvenirar, gangsamband og nye utkikkspunkt. Alt får ny arkitektur, seier den assisterande reiselivssjefen.

– Kva betyr turistvegstatusen for Trollstigen?

 

Grønare framtid

– Det blir nytt fokus på området, og området får tilført nye element og arkitektur. Kanskje vil det også gjere at vi når andre turistgrupper. Området blir også betre tilrettelagt enn tidlegare. Det har jo vore sprengt når det gjeld parkering. Dess meir området blir tilrettelagt, dess fleire vil stoppe. Turistvegsatsinga betyr også litt ekstra marknadsføring, seier Skylstad.

Opparbeidinga av område og utkikkspunkt i samband med Nasjonal turistveg Geiranger–Trollstigen er eit spleiselag mellom dei tre kommunane Stranda, Norddal og Rauma, Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Reiselivet i regionen vil i neste omgang utføre ei detaljert undersøking som seier noko om kor mykje pengar turistane legg igjen i regionen. I og med at området er på UNESCOs verdsarvliste, vil ein også vere oppteken av korleis området kan bli grønare.

– Det kjem til å bli jobba med meir miljøvenleg transport både på vegen og fjorden i framtida. Auka turisttrafikk gjev også meir slitasje, slår Ove Skylstad fast.

Nå gler han seg først og fremst over at turistvegstatusen blir verkeleg etter fleire år med utsetjing på grunn av manglande finansiering og framdrift. Kor mange fleire enn 700 000 turistar frå heile verda som kjem til å reise til Geiranger og Trollstigen etter den offisielle opninga neste sommar, står att å sjå.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...