Heim Nyhende Nord-Trøndelag utan nynorskskule i framtida?

Nord-Trøndelag utan nynorskskule i framtida?

I september blir det klart om Vålen skule i Nord-Trøndelag går over til bokmål som hovudmål, skriv Steinkjer-avisa.no.

Dette er den einaste nynorskskulen i Nord-Trøndeleg i dag. Ei rådgjevande avstemming skal haldast 29. september om Vålen skule skal ha nynorsk eller bokmål som hovudmål. Avstemminga er kun rådgjevande for den vidare politiske behandlinga, seier Elisabeth Jonassen, avdelingsleiar for skule og barnehage i Steinkjer kommune, til Steinkjer Avisa.

Bakgrunnen for ei ny avstemming er ein underskriftskampanje i Vålen skulekrins, der 67 personar har skrive under på at dei ynskjer ei ny avstemming om kva hovudmål dei 30 elevane ved skulen skal ha. Dei som har skrive under utgjer 31 prosent av dei med røysterett.

Jonassen vil leggja fram resultatet av avstemminga i september for politisk behandling i hovudutval, formannskap og til slutt kommunestyret. Desse vil avgjera om Vålen skule i framtida skal ha bokmål eller nynorsk som hovudmål.

Les meir her

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...