Heim Nyhende Norske vegar forfell igjen

Norske vegar forfell igjen

Tiltakspakken etter finanskrisa medførte godt vedlikehald av vegnettet i fjor. Men i år slår det sprekkar igjen, spår Statens vegvesen.

I tiltakspakkane i fjor blei det sett av 810 millionar kroner til drift og vedlikehald, og 2009 blei det første året sidan 70-talet der etterslepet i vegvedlikehaldet blei mindre. Men i år gjer kostnadsutviklinga at utviklinga truleg blir negativ igjen, skriv Bergens Tidende.

Kvar tredje meter av stamvegane, dei største vegane, i Noreg har dårleg eller svært dårleg vegdekke, konkluderer Vegvesenet, som no slår alarm.

– Vi klarer ikkje å stoppe forfallet på desse vegane. Kjøpekrafta vår blir oppeten av kostnadsutviklinga, seier regionvegsjef Olav Ellevset i Vegvesenets region vest, som har spesielt store kostnader med vedlikehald av alle tunnelane på Vestlandet.

Kostnadsauken i dei langvarige kontraktane til Vegvesenet et opp dei 4,2 milliardar kronene til årleg vedlikehald av stamvegane, som blei vedteke i nasjonal transportplan i fjor. Etterslepet i vedlikehaldet blei i fjor rekna ut til åtte milliardar kroner.

Utviklinga er derimot positiv på ein del av riksvegane, som frå 1. januar i år blei omdøypt til fylkesvegar og gjort til fylkeskommunen sitt ansvarsområde. Både Hordaland og Sogn og Fjordane har sett av meir pengar til vegvedlikehald enn det staten hadde tildelt. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...