Heim Nyhende Språkdirektøren

Språkdirektøren

Sylfest Lomheim (65) meiner Språkrådet bør jobba med haldningane me har til språket vårt. Til sommaren går han av som språkdirektør.

– Korleis blir det å gå av som språkdirektør?

– Både fint og vemodig – slik det skal vera. Fint fordi eg må vera ærleg nok til å seia at det på desse snart sju åra har skjedd det med Språkrådet og språkpolitikken som eg hadde vona. Vemodig fordi det er ein viktig arbeidsperiode – sikkert den viktigaste i livet mitt – som no i 2010 blir avslutta.

– Kva er den største utfordringa for nynorsken framover?

– Det er (for å ta ein Kolberg, jamfør ein tale han heldt på landsmøtet): produksjon – produksjon – produksjon! Det må produserast tekster på nynorsk, så mykje som råd, og med så godt språk som råd. Manglande lærebøker på nynorsk, manglande artiklar på nynorsk i VG, manglande nynorsk i turistbrosjyrar frå Hardanger; alt dette utgjer det største overgrepet på det nynorskbrukande mindretalet. Utan at folk les nynorsk, kan dei ikkje skriva nynorsk.

– Korleis kan ein få fleire aktørar i næringslivet til å bruke nynorsk?

– Ved å få næringslivsleiarar til å forstå at innteningsevna i mange samanhengar, men ikkje alle, kan bli betre ved å satsa på nynorsk

– De har nettopp lagt fram Språkstatus 2010. Kva er dei største trekka der?

– Det blir brukt stadig mindre norsk i høgre utdanning og forsking, kvaliteten på læremiddel i norskfaget er i ein del tilfelle uakseptabel dårleg, elevane både rettar og ler, kvar fjerde ungdom trur at engelsk er eit betre språk enn norsk, men popartistane bruker meir norsk i tekstene sine i 2010 enn for fire-fem år sidan.

– Kva har vore din språklege kampsak?

– Endra folks oppfatning av Språkrådet og språkpolitikken

– Kva er den største utfordringa for språkutviklinga i Noreg?

– Det er å ta vare på norsk skriftspråk som eit fullverdig og funksjonelt uttrykksmiddel for oss som bur i Noreg

– Kva betyr målrørsla for deg?

– Ho har vore min einaste trufaste åndelege følgjesvein i livet sidan eg forlét gardstunet på Lomheim som 19-åring. Andre grunnsyn og retningar kan ha veksla litt.

­

­– Korleis kan ein stimulera til meir nynorsk i barnehagen?

– Nynorsk i barnehagen er eit middel – ikkje eit mål – for å utvikla så slitesterke haldningar til morsmålet at dei held livet ut. Berre fantasien set grenser for korleis ein gjennom song og leik kan byggja opp haldningar til språk i barnehagen. Bokstavering og ”skule” i den alderen bør det ikkje vera mykje av. Det er ikkje godt for utviklinga, sjølv om mange vaksne trur det.

– Tre av fire statsorgan bryt mållova. Kva kan ein gjera med det?

– Svaret er enkelt: gjennom politisk styring frå statsråden og nedover. Etatsleiarar må ikkje få høve til å gløyma kva dei har som ansvar.

– Kva trur du om framtida til nynorsken?

– Den er god nok dei neste hundre år, berre nynorskbrukarane brukar nynorsk.

– Kva bør Språkrådet arbeide med framover?

– Kvaliteten på norskundervisninga frå barnehage til vidaregåande, gode fagspråk på norsk i høgre utdanning og ein heil haug med andre ting – men først og sist: haldningar, haldningar, haldningar!

AKTUELT
Namn: Sylfest Lomheim

Bur: Oslo/Kristiansand

Aktuell: Til sommaren går han av som direktør i Språkrådet, etter sju år i jobben.

Språk: På jobb i Språkrådet skriv Lomheim både bokmål og nynorsk. Elles berre nynorsk.

Alder: 65

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...