Heim Nyhende Ulfsby ny teatersjef

Ulfsby ny teatersjef

Erik Ulfsby (39) er tilsett som ny teatersjef ved Det Norske Teatret. Han vil gjerne satse på nyskapande teater.

Ulfsby byrjar i stillinga 1. januar 2011. I innstillinga frå styret vert det lagt vekt på at Erik Ulfsby er ein fagleg sterk kandidat med stort engasjement og sterk motivasjon. Styret viser også til at Ulfsby har ein kunstnarleg visjon som dei trur vil utvikle teatret i positiv retning. Sjølv er han audmjuk og motivert til å byrje i den nye jobben.

Eg ser fram til å få jobbe saman med alle dei fantastiske menneska på Det Norske Teatret. Saman skal vi peike ut vegen vidare for teatret. Dette er ei stor utfordring som eg gler meg til, seier Ulfsby.

Ulfsby brenn spesielt for den nye dramatikken, dei nye generasjonane skodespelarar og dei nye uttrykka. Han ynskjer å lage nyskapande teater.

– Det betyr jo sjølvsagt ikkje at me ikkje skal setje opp eldre stykke, meiner den nytilsette teatersjefen.

Erik Ulfsby er i dag ein ettertrakta regissør og står mellom anna bak oppsetjingar som Isslottet, Jungelboka og no sist Jesus Christ Superstar på Det Norske Teatret. I vår blei Ulfsby nominert til Heddaprisen i klassen beste regi for Lang dags ferd mot natt (Teatret Vårt) og Jungelboka (Det Norske Teatret). Jungelboka fekk Heddaprisen for beste barne- og ungdomsframsyning i 2009, og Ulfsby mottok i 2006 Heddaprisen i klassen Årets teaterprosjekt for framsyninga Bollywood Ibsen – Fruen fra Det indiske hav.

Ulfsby er også audmjuk med tanke på at han tek over stillinga etter Vidar Sandem, som har vore teatersjef i 13 år.

– Han har vore ein tydeleg og markert teatersjef, slår han fast.

Førre artikkelHeidra profil
Neste artikkelSpråkdirektøren

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...