Heim Nyhende Heidra profil

Heidra profil

Han skriv ikkje for å tekkast publikum. Einar Økland (70) meiner kunsten skal stå på eigne bein.

– Det er jo ein skrekkeleg ting. Eg er debutant i dette, eg har aldri vore med på det før, seier Økland om det å bli 70.
Me er innvilga intervju dagen før han reiser til Oslo. Dagen før Samlaget arrangerer bursdagsfeiring med boklanseringar og ei gjesteliste fullspekka med kjende namn. Einar Økland er ein travel mann for tida. Først er det feiring i Oslo, så er det ferietur til Madeira.

– Du veit, eg dreg aldri på ferie. Men det skal me altså nå, ler han.

– Men først er det feiring?

– Det er Samlaget sin idé dette, eg feirar aldri meg sjølv. Eg vil heller krype under teppet. Men det er nå stas også, eg beklagar det ikkje, seier han med ettertanke.

– Samlaget gir også ut ei ny novellesamling av deg, Forteljingar og fablar frå andre tider, og 1968-boka, Vandreduene, kjem i ny utgåve. I tillegg lanserer dei boka Skriftfest. Einar Økland 70?

– Ja, men det er andre som har ynskt dette. Hadde det vore opp til meg, hadde eg ikkje kome med ny bok i år. Eg jobbar jo med noko heile tida, men no skal eg først og fremst overleve desse feiringane.

Einar Økland debuterte
i 1963 som lyrikar. I ettertid har det blitt ei rekke utgjevingar med både dikt, essays, artiklar og romanar. Etter snart 50 år som forfattar har han gjort seg nokre erfaringar.

– Eg skal snakke om det i helga, på Litteraturhuset. Kva erfaringar litteraturen har gitt meg.

– Kva vil du snakke om då?

– Eg veit ikkje heilt. Eg må sjå det litt an. Dersom det sit 16 eldre koner der i kåpene sine, får eg prøve å få til ein fellesskap med dei. Det same viss det sit 24 forfattarkollegaer der. Kjem det berre nokre få, er det mykje betre om me går ein tur på kafé og drikk ein kopp kaffi.

– Du er ein spontan talar?

– Ja, og eg har lett for å snakke samanhengande i tre kvarter. Det står ikkje på det. Men å lese opp frå eit ferdig manus er kjedeleg. Det skal vere noko inkluderande og privat over det. Dei som sit i salen, er jo komne for å høyre på meg, det er ei samværsform.

– Men, kva erfaringar har du gjort deg?

– Å det er så mange. Det kan vere erfaringar med deg sjølv, forlagsverda, publikum, sjangrar eller media. Men eg kjem til å snakke om forfengelegskap. Det handlar om kva ein forfattar vil bli kjent for, kva ein meiner er skammeleg.

– Fryktar du forfengelegskapen?

– Nei, eg likar deler av den. Eg likar til dømes å halde avtalar. Eg vil gjerne framstå som sannferdig i det eg skriv. Men forfattarar som peikar på seg sjølv heile tida og vil vise seg fram, er fjernt for meg. Eg vil heller bli oppdaga av ein tilfeldig lesar enn å bli tatt i mot av dei som er opptekne av kva som er kjent her og nå. Eg skal leve lenger enn det, slår han fast.

Det er hausten 1965. Ei gruppe unge forfattarar stormar inn i redaksjonslokala til tidskriftet Profil og forlanger å ta over redaktøransvaret. Dei skal gjere magasinet betre, slår dei fast. Blant desse er mellom andre Dag Solstad, Paal-Helge Haugen, Tor Obrestad og Jan Erik Vold. Einar Økland var også ein del av den nye redaksjonen, men han var ikkje sjølv med på å møte opp i redaksjonslokala. På den tida arbeidde han nemleg som psykolog ved Rønvik psykiatriske sjukehus i Nordland. Seinare er historia om Profil-generasjonen blitt ein klassikar.

– Det var modig gjort?

– Jo, det var nok det. Det er noko ein berre kan gjere når ein ikkje har noko å tape. Me arbeidde gratis, det var ikkje noko ærefullt den gongen. Seinare la forfattarane meir merke til kvarandre, me lét oss oppmuntre av kvarandre. Styrken vår var at me var så ulike, og det trudde ikkje publikum. Dei trudde me var ein flokk einsarta forfattarar.

– Kva var målet?

– Det kan eg seie no. Det var å skaffe oss arbeid. Me ville berre få fred og kunne skrive. Og dei fleste av oss har jo blitt forfattarar på heiltid. Det er ingen som har ynskt å bli avisredaktørar eller ministrar, sjølv om mange kunne blitt det. Kjartan Fløgstad kunne lett vore debattredaktør i Aftenposten, og Jan Erik Vold kunne vore kulturredaktør i Dagbladet. Men me hadde ikkje sosiale ambisjonar. Me ville berre vere sjølvstendige kunstnarar.
I dag har ikkje gjengen frå Profil-redaksjonen jamn kontakt. Det er ikkje slik at dei besøker kvarandre eller går på kafé.

– Men me treffest i jobbsamanheng. Me veit kva dei andre tenkjer, og me får med oss kva dei andre gjer.


– Kvifor eg vart forfattar?
Ja, sei det. Hm. Eg trur du kan skildre det som ei nødhamn. Eg dugde vel ikkje til noko anna. Det var ein måte å flykte vekk på. Men ein blir ikkje forfattar berre med å stikke av. Ein må vilje ta vare på ein tone, på eit språk.

Einar Økland kunne like gjerne blitt bonde. Han er oppvaksen som einebarn på ein gard i Valevåg. 14 år gamal flytta han vekk, og i mange år var han eit bymenneske, busett i Oslo og på Stord. Men så kom odelsguten heim igjen. I dag bur han heime på garden.

– Eg er ikkje bonde. Men eg ryddar skogen og slår ekrene, slik at det ikkje gror igjen. Det er meir enn mange bønder klarer å gjere i dag. Dei slår jo berre det dei kjem til med traktor.
Sjølv køyrer han verken traktor eller bil.

– Det er nesten imponerande?
– Ja, eg håpar det. Eg har aldri drive sport, aldri køyrt bil, og aldri skilt meg, seier han med latter i stemma.

– Eg ville gjort det i dag også. Men då ville eg gått direkte på sak, eg ville ikkje gjort så mykje rart før eg vart forfattar 23 år gamal.
– Du er jo utdanna psykolog. Kva har det å seie for litteraturen din?

– Det er vanskeleg å vite. Eg skriv ikkje psykologiske romanar, psykologane er betre på dette enn forfattarane. Forfattarane har lite nytt og fagleg å kome med.

– Korleis har du utvikla deg som forfattar?

– Det var først i 1967-68 eg skjønte at eg ikkje var viktig. At eg kunne skrive om tema som ikkje var personlege, og likevel gjere det personleg. Eg lærte å bli personleg gjennom det upersonlege, kan ein seie.

– Det er samtida og miljøet mitt som har forma språket mitt. I tillegg skjønte eg at eg ikkje beherska dei store formene, at eg heller ville skrive små dikt, noveller og prosatekstar. Det var eit hopp i utviklinga.

Einar Økland er også ein nynorskmann.

– Eg er på nynorskens parti – mest så ved å vere orientert mot bruken. Nynorsken skal vere upåfallande, tilforlateleg og brukeleg på alle område. Nynorsken er ennå i utvikling. Korleis nynorsken blir i framtida, er eit ope spørsmål og ikkje noko eg ankar mykje for, seier han.

– Til dei som nyttar høgnorsk, seier eg alltid at eg skriv på lågnorsk. Dei fleste som skriv effektivt, operativt nynorsk, skriv lågnorsk. I fall nynorsken har ei framtid, er det som lågnorsk – eit mål som spring ut or daglegtalen i samtida, og som er sterkt nok til å absorbere og inkludere både engelske ord og bokmålsord og likevel halde fram med å vere nynorsk.

I dag er han forfattar på heiltid. I tillegg er han ein evig student, kokk, fiskar, husmor og lesar, og iblant snekker, murar og vedhoggar. Ei stund var han også litteraturanmeldar og forlagskonsulent i Samlaget.

– Det var kjekt å finne nye talent. Vite at her er det noko, her må forlaget kjenne si besøkstid. Men eg sa tidleg frå om at eg ville ikkje vere den som sat og refuserte. Eg ville berre ha tekstar dei var usikre på om det var noko i.

– Men det var lærerikt. Ein ser kva ein sjølv skal halde seg vekke frå. Anten fordi det er for dumt, eller for at andre gjer det betre.

Økland er ein av dei som skriv best om morgonen. Det aller meste vert produsert før lunsj.

– Eg er eit morgonmenneske. Når eg har fått dei andre ut av huset, set eg på musikk og byrjar å skrive. På ettermiddagen gjer eg andre ting, som å lage mat og betale rekningar.

– Kva blir du inspirert av?

– Det er ikkje godt å vite kor dikta kjem frå, ofte fører det eine til det andre. Men eg er opptatt av grafiske former. Eg kan godt sjå for meg ein tekst som stjerneforma eller som ein graf i eit diagram.

Økland vil ikkje skrive litteratur for å tekkjast media eller publikum. Kunsten må nemleg ha ein eigenverdi.

– Ein må bruke kunsten til noko ein ikkje kan bruke journalistikken til. Det er ingen som arbeider på eit krisesenter, som vil råde ei kvinne til å skrive ein roman om korleis mannen mishandla henne, det er berre tull. Det er slikt me har journalistikken til. Eg kan godt meine at kvinnene burde hatt stemmerett i Misjonssambandet, men eg treng ikkje å skrive om det.

– Dersom eg ser noko skeivt eller feilaktig i samfunnet, vil eg heller gjere det til ei velferdssak. Det finst uansett uendeleg mange motiv; det sentrale er korleis ein behandlar det, og korleis ein behandlar språket.

Det er blitt måndag. Feiringa er over. Einar Økland har lova oss å sende ein e-post om korleis det gjekk. Korleis det var å bli heidra som 70-åring.

– Alt gjekk bra, og betre enn frykta og fortent. Stort og vennleg publikum. Blid arrangør. Og som min dag var min styrke, oppsummerer jubilanten.  

Sjølvmelding
Namn: Einar Økland
Alder: 70
Bur: Valevåg i Sunnhordland
Aktuell: Vart nyleg heidra på 70-årsdagen med blant anna fleire boklanseringar. Kjartan Fløgstad, Sverre Tusvik og Jorunn Veiteberg har redigert festskriftet Skriftfest.
Les: Det meste.
Høyrer på: Jazz. Klassisk. Moderne.
Førebilete: Hans E. Kinck og Pablo Picasso

Førre artikkelRyddar i språket
Neste artikkelUlfsby ny teatersjef

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...