Heim Nyhende Ryddar i språket

Ryddar i språket

Ragnhild Bjørge (32) ynskjer seg meir orden i nynorsken. No skal ho vera med og lage den nye rettskrivingsnorma.

– Kvifor trur du at du er vald ut til å sitja i denne nemnda?
– Det er nok av di eg er journalist og nynorskbrukar. Eg prøver å vera ein tydeleg og uredd nynorskbrukar, noko eg trur dei som spurde meg, har lagt merke til. I tillegg har eg har alltid vore engasjert i posisjonen til og stoda for nynorsken.  

– Kva meiner du er det viktigaste å tenkja på når ein skal fornya nynorsken?
– Dersom ein skal gjera noko med nynorsken, må endringane gjera det enklare for folk å bruka språket. Du kan gjerne seia at eg ynskjer meg meir orden. Eit alternativ med færre sideformer vil vonleg gjera det enklare for folk å navigera i mangfaldet av ord og former. Samstundes meiner eg det er viktig at nynorsken skal normerast på eit sjølvstendig grunnlag, utan omsyn til bokmål.

–Treng me ei fornying av rettskrivingsnorma?
– Eg synest nok ikkje me treng ein ny nynorsk, men eg synest godt det kan ryddast litt opp.       

– Kva håpar du blir resultatet av fornyingsarbeidet?
– Draumen må vera at nemnda kjem fram til ei norm som alle kan vera nøgde med, og at nynorsken får leva i fred dei neste 200 åra. Ei meir realistisk von er kan henda at dette arbeidet fører til at fleire synest det vert enklare å læra og å skriva nynorsk. At forvirringa om kva som er rett og gale, vert mindre, og at nynorsken etter dette får kvila ei stund før neste normeringsordskifte siglar opp. 

– Har du alltid fått lov til å nytta nynorsk som journalist?
– Ja, det har eg. Hadde eg ikkje det, hadde eg nok funne meg noko anna å halda på med.  

– Kva tenkjer du om at journalistar i mange landsdekkjande medium ikkje får bruka nynorsk?
– Det gjer meg trist. Trist på vegner av kollegaene mine som ikkje får lov til å uttrykkja seg på sitt eige språk. Trist på vegner av redaktørane og eigarane som ikkje respekterer dei som dei tilset, og som ikkje har teke innover seg at me har to norske språk i Noreg. Dessutan trur eg slik redaksjonell språktvang går utover kvaliteten på det journalistiske produktet. 

– Korleis kan me løysa det problemet?
– Dersom nynorskforbodet i VG, Dagbladet og Aftenposten vert oppheva og nynorskbrukande journalistar slepper til i spaltene, så er nok mykje gjort. 

– Kvifor trur du mange, også journalistar, går over frå nynorsk til bokmål?
– I tillegg til nynorskforbodet i fleire av riksavisene, trur eg det framleis står att ein stor jobb å gjera for å endra haldningane til nynorsk i mange redaksjonar. Negative kommentarar og haldningar kan tæra på den beste. 

– Kva betyr målrørsla for deg?
– Eg synest at engasjement for språk er viktig og eg synest det er viktig at vanlege folk engasjerer seg for og i språk. Språket er det viktigaste uttrykket for kulturen til eitt folk. Sjølv var eg aktiv i målrørsla i mange år. Målrørsla har vore avgjerande for at nynorsken finst i dag. Mellom anna for at elevar har rett til lærebøker på sitt eige språk. Eg synest rolla målrørsla har spela opp gjennom tida, er så interessant at eg valde å skriva masteroppgåva mi om rolla rørsla spela før og under andre verdskrigen.

– Kva må til for å styrkja nynorsken som eit journalistisk språk?
– Det å gjera nynorsken synleg i dei store riks- og regionsavisene vil vera ei styrking i seg sjølv. Det vil nok gje mange journalistar meir sjølvtillit og truleg få ein del redaktørar til å sjå at det ikkje er så skummelt med nynorsk i spaltene.

 

 

AKTUELT

Namn: Ragnhild Bjørge (32)
Bur: Oslo
Aktuell: Journalist i innanriksgruppa til Dagsnytt, vikarierer no som reportasjeleiar i to korte periodar i vår. Sit i nemnda som skal laga ei enklare og strammare norm for nynorsken. Nemnda er sett ned av Språkrådet, og arbeidet skal vera ferdig 15. mai 2011.
Språk: Nynorsk  

 

 

 

Førre artikkelFå nynorskstudentar i Oslo
Neste artikkelHeidra profil

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til...

Nynorsk-tap på Stortinget: – Ekstremt skuffande

Utdanningskomiteen på Stortinget har i dag sagt nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen. – Det er heilt uforståeleg at fleirtalet...

Skriv nynorsk på nynorskdagen 12. mai

– Vi utfordrar alle i Noreg til å skrive nynorsk i dag. Nynorsk er for alle, og på nynorskdagen er det lov å prøve,...

Tre millionar til nynorskbrukarane

Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingangstilskot på revidert nasjonalbudsjett. – Dette er svært! Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid...