Heim Nyhende Få nynorskstudentar i Oslo

Få nynorskstudentar i Oslo

På Universitetet i Oslo er det berre om lag 2,5 prosent av studentane som melder at dei ynskjer nynorsk som hovudmål. Studiedirektør Monica Bakken meiner likevel det ikkje er naudsynt med rekrutteringstiltak.

I fjor haust skreiv studentavisa ved Universitetet i Oslo, Universitas, at berre 2 prosent av masteroppgåvene vart leverte på nynorsk. Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, meinte då at det måtte vere vanskeleg å halde på nynorsken som student ved universitetet. Til samanlikning er det om lag 7 prosent av masterstudentane ved Universitetet i Bergen som leverer oppgåve på nynorsk.

– Oslo burde vere ein like tilgjengeleg studiestad anten du er frå Røa eller Røros, sjølv om lite tyder på at det er slik i dag. Tala indikerer heller at mange kan kjenne seg uvelkomne på universitetet i hovudstaden på grunn av språket sitt. Det er i så fall ein pinleg situasjon å vere i i 2010, skreiv journalist i Universitas, Marianne Granhiem Trøyfløyt, i ein kommentar i studentavisa tidlegare i år.

Studiedirektør ved Universitetet i Oslo, Monica Bakken, meiner det ikkje er uvilje mot nynorsk ved studiestaden.

– Det er ein relativt liten del av studentane våre som ynskjer nynorsk som hovudmål, gjennomsnittleg er det om lag 2,5 prosent kvart år. Me får heller ikkje mange klager på at studentar ikkje har fått eksamensoppgåver på nynorsk, det er berre snakk om nokre enkeltsaker, seier ho til LNK-avisa.

– Det blir også peika på at det er lite nynorsk på pensumlistene?

– Ja, det vil eg tru har noko å gjere med at ein arbeider for å oppnå fagleg kvalitet i alle ledd av utdanninga. Når ein vel ut litteratur til pensumlistene, baserer ein valet på relevans i høve emne og eit godt fagleg nivå. Språket er mindre viktig, meiner Bakken.

– Og eg opplever det vel slik at det ikkje er så veldig mykje pensum tilgjengeleg på nynorsk, seier ho.

Færre episodar

Bakken har ikkje noka forklaring på kvifor det er så få nynorskbrukande studentar ved Universitetet i Oslo.

– Det er eit godt spørsmål. Dette er eit nasjonalt universitet, noko som skulle tilseie at me også fekk studentar frå område der ein nyttar nynorsk. Men det er klart det er eit utprega bokmålsmiljø.

– Kva tenkjer du om at fleire studentar opplever at dei ikkje får eksamensoppgåvene sine på nynorsk?

– Slike situasjonar er uheldige og ikkje noko me ynskjer. Men eg meiner det er færre av desse episodane no enn for nokre år sidan.

Universitetet i Oslo er underlagt mållova og skal ha minst 25 prosent nynorsk. Bakken er klar på at universitetet ikkje klarer å oppfylle det kravet.

– Det er synd me ikkje klarer det. Det handlar til dels om for lite ressursar og manglande kompetanse.

Monica Bakken meiner eigne rekrutteringstiltak ikkje er det rette for å auke prosenten av nynorskbrukande studentar.

– Det meiner eg er litt på sida. Studentane må derimot møte nynorsken i det daglege, slik at det blir naturleg å velje.

Mange klager

Nestleiar i Studentmållaget i Oslo, Trine Østereng, er ikkje overraska over at det er lite nynorsk på Universitetet i Oslo.

– Eg trur det handlar mykje om at ein ser lite nynorsk innan akademia. Når det er andre grupper ein har hatt lite av på pensumlistene, som til dømes kvinner, har integressegrupper sett i gang eit målretta arbeid for å auke prosenten. Det har ført til at me har fleire kvinnelege forfattarar på pensum i dag enn for tjue år sidan.

Studentmållaget i Oslo ynskjer mellom anna at ein får fleire innføringsbøker på nynorsk.

Østereng seier at fleire studentar kontaktar Studentmållaget kvart semester fordi dei ikkje har fått innfridd nynorskrettane sine. Til dømes reagerer mange på at dei ikkje får eksamensoppgåvene på nynorsk, sjølv om dei har krav på det.

– Eg trur mange av studentane i Oslo rett og slett ikkje veit kva rettar dei har, seier Trine Østereng og viser til at Studentmållaget alltid arbeider opp mot eksamen, nettopp for at studentane skal få den informasjonen dei treng om kva som er rettane deira.

Østereng er sjølv student på 5. året ved Universitetet i Oslo og har sjølv opplevd vanskar med å ha nynorsk som sitt hovudmål. No studerer ho til mastergrad i statsvitskap.

– Første året eg studerte, vart eg rådd til å ikkje ta eksamen på nynorsk, sidan det ville medføre så mykje ekstraarbeid. Det klaga eg på. Seinare har eg også fått eksamensoppgåver som er skrivne på ein så dårleg nynorsk at eg har problem med å forstå dei. Ofte har heller ikkje eksamensvaktene fått opplæring i at dei skal gi ut eksamensoppgåver på nynorsk. Det er veldig lite som er endra på desse åra eg har studert her. Som regel får ein høflege svar med lovnad om at dette skal endrast, når ein klagar.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...