Heim Nyhende NRK får skryt for meir nynorsk og dialekt

NRK får skryt for meir nynorsk og dialekt

– Det er flott at fleire av NRK-kanalane no oppfyller kravet om 25 prosent nynorsk, seier Inger Størseth Haarr, styreleiar i Kringkastingsringen. – No må dei berre ta dette heilt i mål, og innfri kravet i alle kanalar, meiner ho.

I Allmennkringkastingsrapporten får NRK ros av Medietilsynet for å ha teke viktige steg i retning av å innfri krava til nynorsk for NRK som heilskap.

For 2012 oppfyller NRK P1, NRK2 og NRK Super kravet om 25 prosent nynorsk. P1 har auka nynorskprosenten med fem prosentpoeng, medan NRK Super har auka med heile 7 prosentpoeng. – Sidan oppstarten i 2008 har NRK Super gjort eit viktig arbeid med språk, og dei gode tala for 2012 viser at ei medviten satsing har gitt resultat.

Verken P4 eller Radio Norge oppfyller krava til å bruke begge målformer i sine sendingar. Radio Norge greier ikkje å gjere reie for å ha brukt nynorsk i særleg grad, og P4 rapporterer å ha brukt 1,4 prosent nynorsk i 2012.

– 1,4 prosent nynorsk er oppsiktsvekkjande lågt. Når P4 heller ikkje greier å ha meir enn 10 prosent av sendingane på andre dialektar enn dei mest bokmålsnære, er det ikkje akkurat «lyden av Norge» dei lager, seier Størseth Haarr. – No ventar me at kulturminister Hadia Tajik vurderer om Radio Norge og P4 verkeleg oppfyller konsesjonsvilkåra.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...