Heim Nyhende Den nye grunnlova kjem til Aurland

Den nye grunnlova kjem til Aurland

Under Nynorske litteraturdagar i Aurland kjem det nynorske språket og dialektane til å stå i sentrum.

 

Helga 1. – 3. november ynskjer Aurland kommune velkomen til Nynorske litteraturdagar for åttande gongen. Publikum kan sjå fram til eit innhaldsrikt program av litterære og musikalske opplevingar, med det nynorske språket og dialektane i sentrum. Alt no kan arrangøren presentera smakebitar frå programmet.

Den nye grunnloven 
Den nynorske litteraturen er kjernen i arrangementet, og tradisjonen tru byr arrangøren på både etablerte og nye forfattarar.
Are Kalvø vitjar Nynorske litteraturdagar for andre gongen når han i år kjem for å snakka om Ny grunnlov, ei bok som også har vore tema i ein eigen fjernsynsserie på NRK i vinter. 

Jan Roar Leikvoll debuterer som deltakar på Nynorske litteraturdagar. Han har markert seg som ei av dei sterkaste og mest originale stemmene i norsk litteratur. Debutromanen Eit vintereventyr vart omtala som ein «mirakuløs debut» og Fiolinane har blitt kalla eit «meisterverk». I år kjem han med ein ny roman, om einsemda som oppstår når verda ein trudde var trygg og meint å vara for alltid, med eitt viser seg å vera både farleg og umogleg.

Unge debutantar 
Linn T. Sunne er tildelt Brageprisen to gonger, i 2007 i klassen for barne- og ungdomsbøker for boka Happy, og i 2012 i Open klasse – ungdomsbøker for boka Lille ekorn. Ho kjem til litteraturdagane med ei ny ungdomsbok, om ung kjærleik, psykisk sjukdom og foreldrerelasjonar.
Blant mange andre forfattarar er det også fleire frå eige fylke. Jostein Avdem Fretland og Mariell Øyre debuterer som forfattarar i år. Dei kjem til Aurland for å snakka både om boka og korleis det er å vera sambuarar og samstundes skriva bok i lag. Det vert også møte med lyrikaren Kjartan Hatløy. Programmet inneheld i tillegg fleire andre forfattarar frå Sogn og Fjordane.

Nynorske litteraturdagar har også mykje å by dei yngste. Dette vil skje både gjennom arrangement i barnehage og skule og som opne arrangement under sjølve festivalen. Det vert eit nytt musikalsk møte med Geirr Lystrup, som hadde stor suksess då han var med oss i 2009. Av litterære ting kan nemnast at dei aller minste får møta smokkefeen Tutta, medan det skal handla om monster for dei litt eldre barna.

Språkåret og fylkesjubileet
Nynorske litteraturdagar skal sjølvsagt også markera Språkåret 2013, m.a. blir «det fleirspråklege Noreg» hovudtema i eitt av arrangementa under festivalen. Språkåret er ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen.
I år feirar Sogn og Fjordane fylkeskommune 250 år. I samband med dette har fylkeskommunen gjennomført ein skrivekonkurranse for ungdom i samarbeid med tre litteraturfestivalar i fylket. Vinnarane av skrivekonkurransen skal annonserast på opningskvelden. I samband med fylkesjubileet vil også Ove Eide ta oss med på ei litterær reise i Sogn og Fjordane gjennom 250 år. Bokmeldingar vert også tema for ein debatt.

Musikk og humor
Dei musikalske arrangementa har ein viktig plass i den nynorske kulturfesten. På opningsarrangementet, som tradisjonen tru byr på eit variert innhald, får publikum høyra Linda Gytri frå Oldedalen i Nordfjord. Med sin nyskapande trekkspelmusikk treffer ho lyttaren midt i hjarta.
Bjørn Jensen, kjent frontfigur i Salhus Vinskvetten og Ausekarane, deltek både på opningsarrangementet og med eigen konsert seinare på fredagskvelden. Gabriel Fliflet er godt kjent for publikum på litteraturdagane. I år har han med seg tre andre musikarar. Konserten har tittelen Valserie, eit verk bestilt av Vossajazz og urframført der tidlegare i år. Med valsetakten som fundament og bindeledd vert det melodiar med musikalske røter både i Noreg, Paris og Balkan. Det fullstendige programmet for Nynorske litteraturdagar vert annonsert i månadsskiftet august/september.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...