Heim Nyhende NRK kuttar ved distriktskontora

NRK kuttar ved distriktskontora

NRK kuttar 40 årsverk i distriktsdivisjonen. Sju av 15 distriktsredaksjonar får færre journalistar, men leiinga håpar å unngå oppseiingar.

 

Dei to kontora som får den største reduksjonen er Trøndelag og Hedmark/Oppland, med høvesvis 9,6 og 11,4 årsverk, opplyser Grethe Gynnild Johnsen, direktør for distriktsdivisjonen, til NTB.

Til Kampanje opplyser Grethe Gynnild Johnsen, direktør for distriktsdivisjonen NRK, at dei andre kontora som må nedbemanne er Møre og Romsdal, Rogaland, Sørlandet, Østfold og Austlandssendinga. Det er dermed dei største distriktskontora til NRK som må ta støyten.

– På bakgrunn av det omfattande kartleggingsarbeidet som har vore gjort i distriktsdivisjonen, har leiinga i NRK gjort eit vedtak som fører til at sju av 15 distriktsredaksjonar må redusere talet på redaksjonelle medarbeidarar, seier direktøren.

Rundt halvparten av dei 40 årsverka er innan administrasjon.

Framleis 13 kontor

Etter kutta vil distriktsdivisjonen ha om lag 960 årsverk, og mellom 500 og 600 av dei er knytt til nyheitsproduksjon. Ein stor del av arbeidet ved distriktskontora er også knytt til riksproduksjon, som barne-TV, forskingsstoff og livssynsprogram.

– Det vil framleis vere 13 distriktskontor. Innan midten av februar skal distriktsredaktørane lage forslag til korleis avdelingane skal sjå ut, seier Johnsen.

Det går føre seg ein dialog mellom leiinga og fagforeiningane om korleis nedbemanninga skal skje.

– Vi håper å unngå oppseiingar, legg direktøren til.

Ikkje ramme publikum

I ein kronikk understrekar Grethe Gynnild Johnsen at nedbemanninga i minst mogleg grad skal ramme innhaldet til publikum.

– Vårt mål er å få til denne nedbemanninga og effektiviseringa gjennom opne og gode prosessar. Eg vil også understreke at NRK etter denne prosessen vil ha ein minst like stor del av dei samla ressursane utanfor Oslo. Distriktskontora og NRK Sápmi har i underkant av 1.100 medarbeidarar – eller nesten 30 prosent av dei tilsette i NRK, skriv ho.

Skal kutte 300

Som følgje av stortinget ikkje har auka lisensen dei to siste åra, har leiinga i NRK vedteke å redusere bemanninga med rundt 300 i 2014 og 2015.

– Dette er ikkje mogleg utan at det får konsekvensar for bemanninga i heile NRK. Difor vart delar av det såkalla standardiseringsprosjektet i distriktsdivisjonen gjort om til eit nedbemanningsprosjekt. Omstillingar og nedbemanning er krevjande og vanskeleg for dei som blir berørt. Samtidig er det nødvendig for å utvikle NRK til ein meir fleksibel organisasjon som er i stand til å endre seg raskt. Her må også distriktsdivisjonen – som er NRKs bemanningsmessige største divisjon – bidra, skriv distriktsdirektøren i kronikken. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...