Heim Nyhende NTBs språkpris til kortreist-reporter frå Molde

NTBs språkpris til kortreist-reporter frå Molde

Romsdals Budstikke-journalist Iver Gjelstenli (64) fekk onsdag NTBs språkpris. Han får prisen for sine kortreiste reportasjar.

– Gjelstenli skriv godt på bokmål, og endå betre på nynorsk. Her er ingen langhalm. Gjelstenli går rett på poenget, sa juryleiar Lars Aarønæs då han delte ut prisen under NTBs språkfrukost.

Gjelstenli tek lesarane med ut på tur kvar laurdag. Det har han gjort dei fem siste åra. Reportasjeserien skulle eigentleg gå over ti veker, men blei så populær at han 31. mai i år kan feire femårsjubileum.

64-åringen har ingen planar om å gi seg med dei kortreiste reportasjane. Idélista er framleis lang, og formidlingsgleda like stor. Kanskje blir det ei bok ut av det til slutt også.

– Vi har snakka om det, seier Gjelstenli.

Kortreistreportasjane har allereie utvikla seg til ein reiseportal på nett.

NTBs språkpris blei oppretta i 2007 og blir delt ut til journalistar og andre aktørar som markerer seg med eit godt skriftleg språk i media. Prisvinnaren får 10.000 kroner og ei karikaturteikning av seg sjølv.(NPK)

 

 

Romsdals Budstikke-journalist Iver Gjelstenli fekk NTBs språkpris. Kortreiste reportasjar er spesialiteten hans, og språket er fortreffeleg skriv juryen i grunngjevinga. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...