Heim Nyhende Viktig med god opplæring

Viktig med god opplæring

Du har bokmålsbakgrunn og har søkt jobb som saksbehandlar i ein nynorskkommune. Kva treng du for å få eit greitt språkskifte?

– Eg møter jamt over kommunar som har ei vaken haldning til språkføring, og dei tilsette som deltek på kursa mine, er også medvetne når det gjeld dette. Den største utfordringa er kanskje å få med så mange som mogeleg av dei tilsette i kommunen som målfører seg skriftleg, på kurset. Eit opplegg for repetisjonskurs kunne nok også gjort seg, seier Mathias Øvsteng, som er ein av kurshaldarane i LNK-opplegget På saklista. 

LNK tilbyr dette kurset, som er utarbeidd av høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jan Olav Fretland, til alle medlemskommunane sine.

– Kva bør kommunane gjere for at saksbehandlarar med bokmålsbakgrunn skal bli trygge på nynorsk?

– Halde kurs! Etter mi røynsle er lettskriving, ikkje rettskriving, ein metode som verkar bra. Det handlar om å få sagt det du skal seie, enkelt og greitt utan fyllkalk og staffasje. Du skal med andre ord gløyme formuleringar og tenkje innhald. Det finst mange døme på at omforming frå bokmål til ledig, enkel og presis nynorsk fungerer godt, tykkjer eg. Bokmål kan ofte vere tungt og omstendeleg, utan at dette er bokmålet si skuld i seg sjølv.

– Når ein skal finne fram til god språkføring, treng ein eit sett med knep, som eg likar å kalle det, og sjølvsagt litt formalgrammatikk. Denne prosessen verkar å vere både morosam og spennande for kursdeltakarane inniblant.

Etter nokre år ute av organisasjonen er no Vaksdal kommune inne att i LNK. Dermed har organisasjonen 124 medlemmer. Ordførar Eirik Haga er godt nøgd med at Vaksdal no er på plass att som medlem i LNK, ikkje minst med tanke på språkleg kompetanseheving.

– Me er ein nynorskkommune som ligg tett opp mot storbyen Bergen, og vi kjenner bokmålspresset. For oss er det viktig å vere med i ein organisasjon der fleire kommunar er opptekne av å halde på nynorsken, erkjenner han og legg til at mange av nabokommunane til Vaksdal opplever at innflyttarar set krav til språkpolitikken i kommunen.

– Eg meiner bestemt at dersom ein vel å flytte til ein nynorskkommune, så er språket ein naturleg del av den lokale identiteten, seier Haga.

Han er vidare oppteken av at dei tilsette i kommunen skal skrive eit så godt språk som mogleg.

– Me må prøve å unngå substantivsjuka og det passive språket. Vi må derfor vere medvetne når vi skriv, dersom språket skal bli godt, seier han.

Ein av kommunane som har nytta seg av kurstilbodet i LNK fleire gonger, er Os kommune. Økonomisjef i kommunen, Ingrid Karin Kaalaas, er frå Bergen og er oppvaksen med bokmål. Då ho fekk jobb i Os kommune i 1992, fekk ho sitt første møte med nynorsk som arbeidsspråk.

– Overgangen gjekk for så vidt greitt, språk fell lett for meg. I tillegg hadde eg ei dyktig kontordame som hjelpte meg mykje, seier Kaalaas om starten på nynorskkarrieren.
Hennar beste tips for at tilsette i nynorskkommunane skal få ein god nynorskstart, er kurs, kurs og kurs.

– Det hadde vore bra dersom kommunane kunne tilby regelmessige nynorskkurs automatisk. Ofte kan det gå for lang tid mellom kursa, aller helst burde ein få det tilbodet ein eller to gonger i året, seier ho.

Kaalaas meiner ei av dei største utfordringane for dei som har bokmålsbakgrunn, er å få til eit godt nynorsk språk med flyt i.

– Skal ein klare det, kan ein ikkje berre bruke eit retteprogram når ein skriv. Ein må også forstå korleis språket er bygd opp. Det er først når ein forstår det, at ein kan få til eit naturleg og godt språk, slår økonomisjefen fast.

Ho trur mange av dei som søkjer jobb i nynorskkommunane, har ei sperre mot å skrive sidemål og meiner dei som ynskjer det, må få rettleiing viss dei klare å skrive eit godt og flytande språk.

– Me er ein nynorskkommune, og då skal all kommunikasjon gå ut på nynorsk. Difor er språket så viktig, slår Kaalaas fast.

– Kva er største forskjellen på dei 21 åra sidan du byrja å jobbe i ein nynorskkommune?

– Eg trur det er vanskelegare i dag, sidan det er fleire former som er tillatne. Eg skriv nynorsk slik eg lærte det då, og då var det færre val. Det blir ikkje enklare å skrive godt når det blir fleire språklege val.
Uansett er ikkje Kaalaas i tvil om at god opplæring er nøkkelen for å sikre nynorsk som eit godt arbeidsspråk i kommunane.

Håvard Pedersen er saksbehandlar i Stord kommune. Han er frå Hønefoss og har arbeidd på Stord i tre år. Også han fekk sitt første møte med nynorsk som arbeidsspråk då han kom til vestlandskommunen. Stord kommune har også hatt nynorskkurs for tilsette fleire gonger.

– Eg fekk ikkje kurs då eg kom her, men eg har eit automatisk retteprogram. I tillegg er det viktig å ty til kollegaer når ein står fast, seier han.
Pedersen synest ikkje det var særs vanskeleg å gå over frå bokmål til nynorsk. Likevel ser han at mange kan slite med å få til eit godt, flytande språk.

– Det kan vere ei utfordring å få til ordstrukturen og sjølve oppbygginga i språket, vedgår han.

– Men øving gjer meister, legg han til og meiner prosessen med språkskifte ofte tek litt tid.

Rådgjevar i Språkrådet, Astrid Marie Grov, er samd med Pedersen i at ein treng god oppfølging frå kommunane.
Opplæring er sjølvsagt viktig, ikkje minst når ein ikkje kan språket frå før, seier Grov. Ho meiner at kurs er den mest nærliggande løysinga.

Men det er også viktig med god oppfølging undervegs, at kollegar les tekstane dine og gir deg språklege tilbakemeldingar, legg ho til.

Ho viser også til Språkrådet sitt nettkurs i nynorsk, som er tilgjengeleg på nettsidene deira.
– Det kan vere ein god plass å byrje, meiner Grov.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...