Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar.
– Det har skjedd enormt mykje på kort tid. No er språklova gjeldande lov, og alle offentlege organ har eit ansvar for å fremja nynorsk. Og så har du alt som har skjedd med det digitale og språkteknologien, seier Jorunn Simonsen Thingnes, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.
Nyleg har ho og Fredrik Hope, konservator ved Nynorsk kultursentrum, publisert ein vitskapleg artikkel i tidsskriftet Maal og Minne om språkbruksplanane til nynorskkommunane.
Av 117 kommunar med nynorskskular, hadde berre 39 planar for korleis kommunen skal bruka nynorsk. Forskarane har gått gjennom desse dokumenta for å sjå korleis kommunane som har ein plan, går fram for å fremja nynorsk.

Dei færraste er oppdaterte etter ny språklov
Den nye språklova frå 2022 slår fast at alle delar av det offentlege har eit særskild ansvar for å fremja nynorsk, sidan nynorsk er mindre brukt enn bokmål. Eitt av måla med artikkelen er å finna ut om dei kommunale språkbruksplanane var oppdaterte til å møta dette kravet.
– Det er slåande kor lite synleg språklova er i språkbruksplanane, seier Fredrik Hope. Han synest òg det er overraskande kor mykje talemål er nemnt samanlikna med tema som er viktige for å ta vare på skriftspråket.
– Det er òg overraskande lite om leiaransvar. Viss me ser til for eksempel NRK, så ser me kva leiarar har å seia for å få til endring for meir nynorsk, understrekar han.

Fleire med prestisje i nyare planar
Innanfor forskinga på språkplanlegging, snakkar ein om prestisjeplanlegging. Det vil seia politiske mål og tiltak for å auka prestisjen til eit språk.
– Utan prestisje, så blir ikkje språket valt av folk, seier Fredrik Hope.
Forskarane har funne at det er ein forskjell på kommunale dokument vedteke før og etter den nye språklova. I dei som er vedteke etterpå er det fleire som har prestisjepunkt om at dei skal fremja nynorsk.
– Men korleis aukar ein prestisjen til nynorsk?
– Det kan vera å gi gode argument for nynorsk som eit moderne språk med ein levande skriftkultur og synleggjera at nynorsk har ei framtid. Og å bidra til ein kunnskapsauke og peika på leiaransvar, fortel Fredrik Hope.
Stord sin språkbruksplan er eit godt eksempel, meiner forskarane. Dei har mål om å vera ein språkpolitisk aktør for både å gjera det enklare å vera nynorskbrukar, og å styrkja nynorsk i ein nasjonal samanheng.

Saknar medvit om språkbyte
Innanfor skule og barnehage finn språkforskarane lite spesifikke tiltak i språkbruksplanane. Om lag éin av tre nynorskbrukarar byter til bokmål innan dei fyller 20 år. Språkforskarane saknar meir medvit om dette.
– Det er få som skriv om mindretalsposisjonen som nynorsken er i, seier Jorunn Simonsen Thingnes. Som forslag til tiltak nemner forskarane synging og lesing på nynorsk, digitale tenester på nynorsk, nynorsk leseveke og besøk av Målungdommen på ungdomsskulane.
Viktigast at planen er i bruk
Forskarane har funne fleire spor etter den tidlegare malen som LNK har utvikla for språkbruksplanar i kommunane. Seinare kan dei tenkja seg å forska på korleis prosessen med ein slik språkbruksplan er i ein kommune, og i kva grad planane blir følgde.
– Det er interessant å finna ut om og eventuelt korleis språkbruksplanane blir brukte, eller om dokumenta kviler i skrivebordsskuffa, seier Fredrik Hope.
Gjennom å senda planen på høyring til mållag, skular og andre, og gjennom forankring hjå leiarane i kommunen og di meir han er kjent, di lettare blir det at han blir brukt, trur forskarane.
Les andre delen av intervjuet med språkforskarane neste veke!
Sjå kva råd LNK gjev om språkbruksplanar – og sjå òg malane våre for språkbruksplanar her!











