Kulturdepartementet har fått på plass ein ny jury for nynorskprisen for journalistar som dei deler ut ein gong i året.
Håkon Haugsbø, kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp og tidlegare NRK-journalist, Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid, og Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten, har takka ja til å sitje i juryen for den komande fireårsperioden. Juryen vel sjølv kven som skal vere leiar.
Nynorskprisen for journalistar skal fremje bruk av nynorsk i media, og årleg heidre ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. (©NPK)