Heim Nyhende – Kommunane får 6,2 milliardar

– Kommunane får 6,2 milliardar

Stoltenberg-regjeringa kjem i statsbudsjettet for 2014 til å gi kommunane og fylkeskommunane over 6,2 milliardar kroner meir å rutte med, skriv Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

 

Av realveksten på 6,2 milliardar er i overkant av 5,2 milliardar såkalla frie inntekter, pengar som kommunepolitikarane kan bruke til det dei vil, etter det ANB kjenner til.

Den raudgrøne regjeringa legg fram statsbudsjettet 14. oktober.

ANB skriv at den avtroppande regjeringa mellom anna foreslår å styrkje helsestasjonane og skulehelsetenesta. Kommunane får òg auka tilskota til integrering av innvandrarar.

Dei demografiske endringane i form av fødselstal, fleire eldre og innvandring fører til at kommunane får 3,3 milliardar kroner i auka utgifter. Av dette må kommunane dekkje 2,8 milliardar over dei såkalla frie inntektene, ifølgje overslaget til Kommunaldepartementet.

Fylkeskommunane får 1 milliard av veksten i dei frie inntektene, og ifølgje ANB skal halvparten av dette –  ein halv milliard kroner –  gå til utbetring av fylkesvegane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...