Heim Nyhende Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

I dag la kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fram regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov.

– Utan endringar i Stortinget vil den nye opplæringslova føre til ei større digital læremiddelkrise for nynorskelevane, seier leiaren i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Svært skuffa

Mållagsleiaren er svært skuffa over at regjeringa ikkje viser vilje til å sikre nynorskelevane den same tilgangen på og retten til digitale læremiddel og læringsressursar som dei andre elevane har.

– Det hjelper lite med eit nynorskkrav til berre nokre få, store læremiddel når kravet ikkje treffer alle dei digitale læringsressursane, appane, plattformene og verktøya som faktisk finst på marknaden og blir brukte i skulen, seier Peder Lofnes Hauge.

Han meiner styresmaktene overlet styringa av skulen til private aktørar.

– Departementet har laga eit kunstig skilje mellom «læremiddel» og «læringsressursar».

– Utnyttar smotthol

Produsentane utnyttar dette smottholet i lova og lagar produkt som ikkje har nynorskversjon. Dette må Stortinget stogge med eit tydeleg lovkrav.

– Vi merkar oss at grasrota i både Ap og Sp no mobiliserer for våre krav. Det vil vere oppsiktsvekkande om regjeringspartia ikkje vil sikre nynorskelevane ein reell rett til digitale læremiddel på språket sitt.

Sjølv om Noregs Mållag bur seg på kamp i Stortinget, gler Peder Lofnes Hauge seg over at språkdelte ungdomsskular framleis ligg inne i lovforslaget, og at det no blir eit absolutt krav om at skriveprogram i skulen må kunne nynorsk.

– Likevel vil ikkje denne lova gje nynorskelevane dei same rettane som bokmålselevane har. Det er dramatisk for nynorsken i skulen.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...