Heim Nyhende LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å gi nynorskelevane rett til læringsressursar på nynorsk.

– Skulen er ein heilt annan i dag enn då opplæringslova sist blei oppdatert. I den digitale skulen sit over 73000 nynorskelevar og må bruka verktøy og læringsressursar på feil språk, seier styreleiar i LNK, Sara Hamre Sekkingstad.

LNK meiner læremiddelsituasjonen må bli tilpassa dagens bruk av digitale plattformer og læringsverktøy.

– Framlegget til opplæringslov strammar ikkje godt nok inn definisjonen av eit læremiddel. Dermed er framleis like mange digitale læremiddel i ei gråsone, og praksisen med å tilby bokmålsversjonar til nynorskelevar kan halda fram, seier styreleiaren i LNK, og legg til:

– Dette set skuleeigar og dermed kommunane i ein vanskeleg situasjon som innkjøparar med uklare reglar å halda seg til. Dette er det fort nynorskelevane som taper på. Me håpar Stortinget vedtek ei ny opplæringslov som er klokkeklar i kravet til læremiddel og læringsverktøyprodusentane. Skal dei få innpass i skulen, må dei levera produkt på både nynorsk og bokmål.

Nøgd med krav til skriveprogram

For heile nynorskrørsla har det vore eit viktig krav å få inn eit absolutt krav til at skriveprogramma som blir brukte i skulen skal støtta både nynorsk og bokmål.

– Det er godt at regjeringa har lytta til dette. Slik situasjonen er i dag, så er det direkte skadeleg for elevane som skal læra å skriva nynorsk i skulen. I skriveprogramma til Google og Apple kan elevane få raude strekar under korrekt nynorsk og ingen raude strekar under det som er feil, fortel Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i LNK.

Ei undersøking LNK gjennomførte i fjor, viste at 30 prosent av skulane med nynorskelevar brukte skriveprogram utan godkjend nynorsk retteprogram. Frå 2024 blir det no forbode å bruka slike skriveprogram i skulen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...