Heim Nyhende Ny språkdirektør: – Gjer ungane stolte av nynorsken sin

Ny språkdirektør: – Gjer ungane stolte av nynorsken sin

– Møt ungane med entusiasme for nynorsk i barnehage og skule, oppmoda Åse Wetås, påtroppande direktør i Språkrådet, då ho opna av Nynorskkonferansen i Bergen onsdag.

 

Det er Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa som arrangerer Nynorskkonferansen, som er for lærarar på alle klassesteg og ein møtestad for alle som arbeider med nynorsk i opplæringa.

Åse Wetås fekk stillings som ny direktør for språkrådet i juli – som første kvinne i stillinga.

Respekt for språket
Og Wetås opna konferansen med å snakke om den oppgåva lærarane har når det gjeld språk generelt og nynorsk spesielt. Som døme på det, fortalde ho om korleis ho sjølv møtte arbeidet med nynorsk i skulen, i nynorskklassen på ulike klassetrinn i eit område der nynorsken står under press, Sandnes.

– Nynorskklassen eg gjekk i på barneskulen kom til etter ein dør- til døraksjon av engasjerte foreldre. Vi opplevde at klassen hadde status på skulen gjennom engasjerte lærarar og tilgang på det meste av undervisningsmateriell. Men då vi kom over på ungdomsskulen, endra denne positive entusiasmen seg til noko negativt, kunne ho fortelje.

Wetås fortalde vidare at det å vere i ein nynorskklasse blei sett på som mindre positivt etter samanslåinga med andre sentrumsnære skular, overgangen til ungdomsskuletrinnet og nye lærarar med ei anna innstilling til nynorsk enn den ho hadde opplevd på barneskulen.

«Fjøsklassane»
– Vi fekk raskt slengjenamnet «fjøsklassane» og opplevde gong på gong at lærarane ikkje var like engasjerte som dei lærarane vi hadde hatt i barneskulen. Vi fekk raskt ei kjensle av at det var litt «styrete» med «den der» nynorsken på skulen. Og i den alderen, der vi mest av alt ikkje ville stikke oss ut og vere annleis, blei vi sett på som akkurat det. Vi med «annleis-språket» blei sett på som eit litt uhandterleg problem, også av lærarane. Vi blei i grunnen ikkje på noko vis oppfordra til å ta med oss vidare i livet det språket som vi hadde lært oss i grunnskulen, sa Wetås.

Ho fortalde historia var for å illustrere kor viktig det er med Nynorsksenteret og arbeidet med nynorsken for alle lærarar i barnehage, grunnskule og ungdomstrinn. Senteret har som oppgåve å skape denne entusiasmen for nynorsk som ho sjølv møtte i grunnskulen, sa ho.

Hugs å tulle med språket
– Når ungar møter entusiasme for nynorsk i barnehage og skule, gjer det at dei blir stolte av språket sitt, og slik lærer dei at det nynorske språket er godt nok og verdifullt nok. Ved å gi eit språk respekt er vi med på å gi det anerkjenning på at det er godt nok. Vi gir «kred» til språket og det er viktig! sa Wetås i opningstalen.

– Avslutningsvis kom ho og med ei lita oppfordring til alle lærarane som var møtte opp:

– Syretesten på om eit språk er godt nok er om det går an å tulle og spøke med det, sa språkdirektøren. Til applaus frå salen.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...