Heim Nyhende På tide med nynorsk leselyst

På tide med nynorsk leselyst

Nynorsksenteret og Foreningen !les inviter 7.klassar i alle nynorskkommunane til å melda seg på leselystaksjon.

 

Skammarens dotter, Keeper’n til Tunisia og Kjære søster er nokre av titlane Foreningen !les og Nynorskksenteret vonar vil få sjuandeklassingar til å lesa nynorsk med glede.

– Målet er å presentera nynorske kvalitetsbøker for elevar på 7. trinn. Me vil visa fram dei gode bøkene som finst og håpar det vil motivera elevane til å lesa meir, seier Ole Ivar Burås Storø i Foreningen !les.

LES OGSÅ: Kvar er dei mannlege leseførebileta?

Ny nettside
I samarbeid med Nynorsksenteret lanserer dei i dag leselystprosjektet «Tid for ti», der hovudinnhaldet er ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker.

Slik vil dei leggja til rette for at lærarane kan bruka nynorsk samtidslitteratur aktivt i klasserommet.

Lanseringa fann stad under Nynorskkonferansen i Bergen, som gjekk føre seg 21.-22. oktober.

Her inviterer Nynorsksenteret både bibliotekarar, barnehagetilsette, lærarar og andre interesserte  for å snakka om nynorsk i opplæringa.

Aksjonen «Tid for ti» startar i januar 2016.

Då mottek dei påmelde skulane tilsaman 15.000 eksemplar av antologien med utdrag frå nynorske bøker.

I tillegg kjem ei eiga nettside med tekstane digitalt, lydfiler, aktivitetar og lærarressursar.

Målet er å vise fram breidde og kvalitet i nynorsk litteratur for elevar på 7. trinn.

LES OGSÅ: Bokmålselev: – Nynorsk er ikkje så vanskeleg

– Stort behov
Elevane skal få seia si meining om dei ulike utdraga, noko som vil vere avgjerande for kva slags bøker som eventuelt blir med neste skuleår.

Foreningen !les vonar nemleg at aksjonen vert eit årleg tiltak

– Det er eit behov for litteraturtiltak for denne målgruppa, og spesielt med fokus på nynorsk. Kompetansemåla legg vekt på at elevane skal lese eit breitt utval av tekstar på bokmål og nynorsk. Samtidig kan aksjonen vere ein nyttig inngang til ungdomsskulen, seier Burås Storø, som håpar å gje elevane eigarskap til litteraturen.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har vore blant støttespelarane til leselystprosjektet saman med Samlaget, Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Les meir om aksjonen og meld skulen din på her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...