Nynorsk Pressekontor lanserer no språkhandboka NPK-språket i samarbeid med Kunnskapsforlaget og NTB.
Boka er delt inn i to deler, ei ordliste med over 30.000 oppslagsord og ein regeldel med gode råd om rettskriving og språkbruk. Ordlista femnar om basistilfanget av ord i nynorsk – og litt til. Norma har færre valfrie former enn den offisielle rettskrivinga, men dekkjer dei formene som er mest vanlege i bruk.
I regeldelen blir det gitt tips om teiknsetjing, bruk av tal og talord, store og små forbokstavar, nynorsk rettsspråk eller transkribering. Boka forklarer også dei viktigaste forskjellane mellom nynorsk og bokmål og trekkjer fram typiske feil og vanlege misforståingar.
Boka blir lansert under Dei nynorske mediedagane på Litteraturhuset i Oslo.