Heim Nyhende Ny Stortinget.no nesten utan nynorsk

Ny Stortinget.no nesten utan nynorsk

Da Stortinget denne veka lanserte ny nettside, var det praktisk talt utan nynorsk – også i nynorskversjonen.

 

Mens kommunikasjonsavdelinga på Stortinget i den engelskspråklege versjonen har omsett alt synleg innhald til engelsk, er nynorsken meir stemoderleg behandla. Nynorsk betyr på Stortinget.no ein toppmeny på bokmål og eitt og anna nynorskord i ein massiv straum av bokmål. Berre kolofonen nedst på sida har gjennomført nynorsk tekst.

– Dette er ein provokasjon, særleg sett i lys av at regjeringa sine nettsider i dag har skrella vekk ein stor del av nynorskteksten, seier leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, om den nye nettsida.

95 prosent bokmål

Nynorskfolket reagerte på fråværet av nynorsk da Servicesenteret til departementa (DSS) i byrjinga av desember i fjor lanserte ein ny departementsportal under «fellesnamnet» Regjeringen.no. No er det nasjonalforsamlinga, som sjølv har vedtatt at bokmål og nynorsk skal vere jamstilte skriftspråk i stat og kommune, som gøymer vekk den mindre brukte målforma.

All redaksjonell tekst på inngangssida er på bokmål, og berre 5 prosent av sakene som kommunikasjonsavdelinga på Stortinget har publisert sidan nyttår er på nynorsk.

– Noreg er ein fleirspråkleg nasjon, og da kan ikkje det øvste politiske organet vårt omtale seg sjølv nesten berre på majoritetsspråket, seier Tennø og peikar på den undergravande effekten det har å usynleggjere minoritetsspråket.

– Det er slike sentrale val som gjer at majoritetsspråket blir oppfatta som det normale og dei mindre brukte språka blir oppfatta som særmerkte, seier ho.

Lover betring

I mållova har Stortinget fritatt seg sjølv frå dei pliktene som elles gjeld i stat og kommune, men utan å seie at bokmålet skal vere «det likeverdigaste» av dei to likeverdige skriftspråka i kommunikasjonen deira med omverda.

Kommunikasjonssjef Siv Nordrum i stortingsadministrasjonen seier at det var like lite nynorsk på Stortinget.no før omlegginga, men lover at nynorskinnslaget skal bli større.

– Visse delar av det som er nytt med den nye løysinga, har ikkje alt som bør vere på plass på nynorsk enno, men vi er merksame på dette, og det kjem til å bli betre, seier Nordrum i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

– Vi arbeider med at omfanget som er på begge målformer, skal bli større, og at det skal bli meir nynorsk i menyar og liknande når ein har valt nynorsk.

Meininga er at det òg skal vere mogleg å velje målform på det aller meste av dei statiske sidene med informasjon om Stortinget. Stortingsadministrasjonen vekslar elles mellom målformene i oppslag og nyheiter. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...