Heim Nyhende – Nynorsk er eit aktivt språk

– Nynorsk er eit aktivt språk

NRK Nynorsk Mediesenter har fleire kurs for offentleg tilsette. No tilbyr dei også kurs i å skrive god nynorsk.

 

Wenche Schanke Eikum er kursansvarleg hjå NRK Nynorsk medie-senter og har god tru på at det finst ein marknad for kurs i å skrive god nynorsk for offentleg tilsette.

 

– Det trengs nok ei auka bevisstgjering om nynorsk språk, om at det er viktig med eit godt språk, og kvifor det er det. Mange seier at nynorsk er så fint som talemål og til dømes i litteraturen. Utfordringa vår må jo vere å få fram at det også fungerer bra som språk i saksdokument, seier ho.

Eikum understrekar at ho har lite erfaring med reine språkkurs i kommunane. Fram til no har NRK Nynorsk mediesenter fokusert på å tilby kurs i medietrening, formidling og journalistisk skriving for nett. Men no tilbyr senteret kurset God nynorsk, som skal hjelpe offentleg tilsette til å skrive eit levande og godt nynorsk. I kurset får ein innføring i dei viktigaste skilnadane på bokmål og nynorsk, praktisk rettleiing og skriveøvingar samt undervisning i å bygge opp eit godt språk. Så langt har Eikum halde kurs for ei offentleg verksemd og for Fylkesmannen i Hordaland. Utfordringa er ofte dei som opphavleg skriv bokmål, men som på grunn av jobben må gå over til nynorsk.
– Men uavhengig av målform vil eg påstå at den største utfordringa når det gjeld språk, er å skrive slik at folk forstår og lausriv seg frå det byråkratiske språket. Og då er nynorsk bra, det er eit aktivt språk, slår ho fast.

Førre artikkelKva gjer me med -heit?
Neste artikkelMaria Parr får pris

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...