Heim Nyhende Nynorsk er ikkje nemnt med eitt ord i ny rammeplan

Nynorsk er ikkje nemnt med eitt ord i ny rammeplan

Nynorsksenteret og Noregs Mållag er skuffa. Statssekretær Magnus Thue seier nynorsk som skriftspråk ikkje er ein del av arbeidet til barnehagane.

Måndag denne veka la kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fram den nye rammeplanen for barnehagane som blir gjeldande frå hausten.

– Me er veldig skuffa over at rammeplanen ikkje sikra retten for ungar i nynorskområde til faktisk å møte språket sitt i barnehagen, seier Magne Aasbrenn (bildet), leiar i Noregs Mållag.

Mållaget bad i høyringsrunden om at rammeplanen måtte ta omsyn til dei særskilde utfordringane ungar i nynorskområde har med å lære eit mindre brukt språk.

– Treng å høyre meir av språket sitt
Også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og fleire andre etterlyste ei understreking av at språkstimulering i barnehagane må gå føre seg på det språket ungane skal lære i skulen.

– Som framtidige elevar av eit mindre brukt språk treng dei å sjå, lese og høyre meir av språket sitt rundt seg. Det dei treng, er meir språkstimulering på nynorsk, seier Magne Aasbrenn.

I den nye rammeplanen finst alt ei rekkje formuleringar om samiske born sin rett til å møta samisk i barnehagen. Det viser at språkregulering i barnehagen er mogleg og naudsynt, legg han til.

Ei spørjeundersøking av LNK, Framtida.no og Pirion før jul viste at fleirtalet av barnehagane i nynorskområde både syng og les oftare på bokmål enn nynorsk.

Fleire formuleringar kan brukast
Torgeir Dimmen, leiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seier til Pirion at han er skuffa over at det ikkje er vist i rammeplanen at det finst to variantar av norsk.

– Det blir brukt omgrepet «språkformer», som me er usikre på om tyder «målformer» eller noko anna, seier Dimmen, og legg til at Nynorsksenteret tok til orde for å bruka det meir etablerte omgrepet «målformer», som viser til nynorsk og bokmål.

Han seier det likevel er fleire formuleringar i rammeplanen som kan brukast for å sikra at borna blir førebudde på skriftspråket dei skal læra i skulen.

– Nynorsk er ikkje ein del av arbeidet til barnehagen
Statssekretær Magnus Thue (H) (bildet) svarer dette på kritikken:

– Den nye rammeplanen nemner verken nynorsk, bokmål eller dialektar spesifikt. Teksten omtalar norsk som jo omfattar både nynorsk og bokmål. Nynorsk er dessutan eit skriftspråk, og er ikkje ein del av arbeidet til barnehagen, skriv han i ein epost.

– I den nye rammeplanen blir omgrepet «språkformer» brukt. Kva er meint med dette?

– I fagområdet «Kommunikasjon, språk og tekst» står det at barna skal møte «ulike språk, språkformer og dialektar gjennom blant anna rim, regler, songar og litteratur». «Språkform» tyder språknormal, målform eller språkleg utforming.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...