Heim Nyhende Nynorsk for nye norske

Nynorsk for nye norske

– Innvandring er ein viktig ressurs for mange nynorskkommunar, og då bør ikkje kommunane sjølve undergrave nynorsken ved å lære opp dei nye innbyggjarane i bokmål, seier Hege Lothe, i Noregs Mållag.

No blir ein kampanje for nynorsk for vaksne innvandrarar sparka i gang.

I 2013 hadde 13.681 obligatorisk norskopplæring som ein del av eit introduksjonsprogram. Totalt fekk over 43 000 vaksne innvandrarar norskopplæring. Ei spørjegransking frå Noregs Mållag gjennomførd hausten 2014 til 129 kommunar viser at berre 24 kommunar gjev nynorskopplæring. No vil mållaget setje inn ein ekstra innsats på dette området.

– Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor ekstra viktig at dei som buset seg i nynorskområde, lærer det språket som ungane lærer på skulen og som er dominerande i lokalsamfunnet, seier Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag.

– Me kan nytte erfaringa frå arbeidet me gjer i skulen, men her kan me ikkje slå i bordet med lova. Lova om opplæring for vaksne seier ingenting om opplæringsspråk eller om språket i læremidla. Difor er det viktig å få kommunane og dei som driv med vaksenopplæring for innvandrarar til å sjå at det å ha opplæringa på nynorsk gjev viktige fordelar, peikar Hege Lothe på.

LES OGSÅ: Vil at innvandrarar skal få læra nynorsk

Meir læremiddel
Mållaget har vore oppteke av denne saka lenge, men så lenge det var alvorleg mangel på læremiddel og andre ressursar på nynorsk, var det vanskeleg å få fart på saka.

– Dette har blitt mykje betre dei siste åra. Det tilfanget som finst på nynorsk i dag, er meir enn godt nok til å gje ei fullgod norskopplæring for vaksne innvandrarar, seier Hege Lothe. Somme kommunar har jamvel, med ein ekstra eigeninnsats, undervist på nynorsk sidan tusenårsskiftet.

Ho meiner at nett det at somme har insistert på nynorsk i så mange år, syner at det er mogleg, berre viljen er der. Ofte kokar det ned til haldningar til og dugleik i nynorsk hjå dei tilsette i vaksenopplæringa. Fordi norskopplæring for vaksne innvandrarar er opplæring i tala bokmål eller tala nynorsk (såkalla normaltalemål), er det mange som kvir seg for å gje slik opplæring i nynorsk. Innvandrarane skal ikkje læra å tala dialekt på norskkurset.

– Men vi meiner at det å ha nynorsk opplæring i vaksenopplæringa rett og slett kan vere med å gjere det lettare å kome inn i det norske samfunnet fordi ein forstår lettare det munnlege talemålet. Det er også eit poeng at uansett om desse innvandrarane som har lært nynorsk, seinare flyttar til bokmålsområde, så er det mange som melder om at det slett ikkje har vore ei ulempe å lære nynorsk fyrst, seier Hege Lothe.

Ho fortel at det blir arbeidd med eit kampanjeopplegg, og at det er fleire ting lokallaga kan gjere.

– Dette er eit godt høve til å skape blest rundt nynorsk i dei tjuefire kommunane som i dag alt underviser på nynorsk. Det kan vere å stikke innom med blomar og kampanjeplakat og invitere med seg lokalpresse og NRK, seier Hege Lothe.

Ho er vel så oppteken av dei stadene der det ikkje er vaksenundervisning på nynorsk.

– Det er rundt hundre kommunar att. I mange av desse har ikkje opplæringa for vaksne innvandrarar vore drøfta. Lokallaga kan setje saka på dagsorden ved å ta kontakt og undersøkje korleis det er i deira heimkommune. Sidan vi nærmar oss valkamp, kan dette også bli ei valkampsak, peikar ho på.

LES OGSÅ: – Arrangert ekteskap er ofte som nettdating

Lokalt arbeid
– Det blir undervist på bokmål til dømes på Voss. Der har lokallaget teke tak i det, og me håpar at dei lukkast med å endre praksisen der. På Voss er arbeidet kopla saman med eit større arbeid for å få kommunen til å vedta ein språkbruksplan. Kva språk det skal vere i vaksenopplæringa, høyrer naturleg heime der, meiner Lothe.

– Sidan opplæringsspråket i dag er opp til kvart enkelt opplæringssenter og kommune, meiner Mållaget at kommunane kan og bør vedta eigen språkbruksplan som inkluderer kva mål vaksne innvandrarar skal lære i norskopplæringa. Svært fåe kommunar har gjort noko vedtak om saka i det heile.

– Det mest brukte argumentet for å gje norskopplæring på bokmål, er mangelen på tilfang på nynorsk. Denne feiloppfatninga lyt me rydda opp i. Nynorskstafetten opna opp mange dører til ordførar- og rådmannskontor. Dette er eit godt høve til å banke på dei same dørene att, seier Lothe.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...