Nynorsk litteraturpris 2009 går til Kjartan Fløgstad for romanen Grense Jakobselv.
– Grense Jakobselv er eit overflødigheitshorn skrive med kunnskap og vidd, språkleg spenst og eit skarpt auge på samtid og nær historie. Det eventyrlege, det grufulle og det gjenkjennelege er vevd i kvarandre og utgjer ei heksegryte av forteljingar, skriv juryen i grunngjevinga.
Det er Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Noregs Mållag som står bak prisen. Den er på 30 000 kroner. Kjartan Fløgstad har tidlegare fått Nynorsk litteraturpris i 1986 og fekk Målprisen i 2005 frå Noregs Mållag.
I juryen for Nynorsk litteraturpris sit Ruth Lillegraven, Vidar Lund og Ragnhild Hilt.
Les meir om grunngjevinga her.