Heim Nyhende Nynorsk-songar klar for Melodi Grand Prix

Nynorsk-songar klar for Melodi Grand Prix

Kim André Rysstad kjem frå tjukkaste folkemusikkland, syng på nynorsk og skal vere med i neste års Melodi Grand Prix.

Han er med i musikktevlinga med songen «Så vidunderleg», som er skriven av Elin Nygård, som også har skrive fleire songar for artisten Helene Bøksle.

– Eg trur eg kan vinne, fordi det er ei fengande låt. Refrenget sit kjapt, seier Rysstad til Aftenposten.

30-åringen frå Setesdal har bachelor i folkemusikk frå Bergen og har vore profesjonell folkemusikar i fleire år. Hausten 2007 gav han ut debutalbumet «Tak hardt uti hand». Debutalbumet blei kåra til «Årets soloalbum» under bransjetreffet Folkelarm i 2008. I haust kom den andre plata «Vegen».

– Eg synest det er fint å synge på nynorsk. Det ligg nært opp til dialekta mi. Setesdal er den «djupaste» dalen for folkemusikk, seier folkesongaren vidare til Aftenposten.

Rysstad kjem i desse dagar frå turné i Kina. I 2009 blei han kåra til Årets unge folkemusikar av Rikskonsertene og folkemusikkorganisasjonen FolkOrg.

På My Space kan du høyre songar frå den første plata til den anerkjente folkemusikaren.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...