Heim Nyhende Gler seg til fleire e-bøker

Gler seg til fleire e-bøker

Dag Erlend Lohne Mohn ved Buskerud fylkesbibliotek gler seg til eit breiare utval av e-bøker etter at det blei bestemt tidlegare i haust at e-bøker også blir ein del av innkjøpsordninga til Norsk kulturråd.

Inkluderinga av e-bøker i innkjøpsordninga skal vere eit prøveprosjekt som gjeld heile 2012. Prosjektet kan gjere opp mot 150 nye norske e-bøker tilgjengelege for nokre utvalde bibliotek.

Les kva vi tidlegare har skrive om dette på lnk.no.

Aktuelle mottakarar av desse e-bøkene blir bibliotek som låner ut e-bøker. Buskerud fylkesbibliotek, ved dei tre biblioteka i Drammen, Kongsberg og Nore og Uvdal, er aktuell mottakar, det same er det planlagde Ryfylkebiblioteket.

– Det blir ein varsam oppstart, men eg ser for meg at det blir ei betydeleg utviding etter 2012, med ei anna omfordeling. Viss eg tenkjer høgt, kan kanskje fordelinga bli 800 papirbøker mot 200 e-bøker, seier Mari Finess, som er seksjonsleiar for Norsk kulturråd, til LNK-avisa.

Dei tre Buskerud-biblioteka har vore med i eit samarbeidsprosjekt som fylkesbiblioteket og forlaget Cappelen Damm har hatt i tre år.

– Når e-bøker nå også blir ein del av innkjøpsordninga, sikrar vi lånarane eit minimumsutval utan at det kostar for mykje for biblioteka. Nye ferske e-bøker har vore mangelvare, slår rådgjevar ved Buskerud fylkesbibliotek, Dag Erlend Lohne Mohn, fast. Han er prosjektleiar for e-utlånsprosjektet til fylkesbiblioteket.

 

Flest menn

Biblioteka i Drammen, Kongsberg og Nore og Uvdal har i eitt år lånt ut 60 e-boktitlar. På dette året har dei hatt 1500 utlån av e-bøkene. Dei tre folkebiblioteka som er med på pilotprosjektet, har også lånt ut lesebrett på biblioteket.

– Lånarane av e-bøkene har vist seg å vere litt yngre enn lånarane vi tradisjonelt har på papirbøker. I snitt har det vore fleire menn enn kvinner som har lånt e-bøker, kan Lohne Mohn fortelje frå det første året med e-utlån.

– Vi har berre hatt 60 titlar dette første året, og det er altfor få, men slik blir det når det er eit prosjekt. Vi får inn 40 nye titlar før jul, legg han til.

Alle titlane dei tre Buskerud-biblioteka har, er førebels frå Cappelen Damm. Planen er at e-utlånet skal inkludere alle forlag som gir ut e-bøker.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...