Heim Nyhende Nynorske litteraturprisar til Slapgard og Osland

Nynorske litteraturprisar til Slapgard og Osland

Sigrun Slapgard får Nynorsk litteraturpris 2013. Erna Osland får Nynorsk barnelitteraturpris.

Sigrun Slapgard får prisen for boka «Englestien». Nynorsk litteraturpris vart delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag. Dei som står bak prisen er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag. Prisen har vore delt ut sidan 1982 og er på 30.000 kroner.

Nynorsk litteraturpris 2013 går til Sigrun Slapgard for romanen «Englestien» som er ein frittståande oppfølgjar av den fyrste romanen hennar «Paradishagen».

– Ein sterk og vakker roman om barndom, familie, kjærleik og sorg og om å måtte sjå i auga det ein fryktar mest. Å ikkje tørre å ta farvel, men likevel å måtte ta farvel, seier juryen i grunngjevinga si.

I juryen sit Ragnar Hovland, Ove Eide og Mari Moen. I grunngjevinga uttalar dei vidare:

– I eit dialektnært, opent og assosiativt språk beveger handlinga i romanen seg mellom fortid og notid, forskjellige tidslinjer blir vevd saman og grip inn i kvarandre. Sigrun Slapgard er ein kunstnar i å utelate. Romanen antyder i mykje større grad enn den utbroderar. Og det er dette som er romanens styrke, og som gjer karakterane så ekte og historia så sterk. Vi får berre ei flik av sanninga, slik som i røynda, og nett difor held ho oss slik i bann. I stor grad er tema i romanen at orda forsvinn når dei verkeleg er naudsynte, at eit inderleg ønskje om å kommunisere ikkje gjer orda lettare tilgjengeleg, snarare tvert i mot.

– Særs viktig arbeid
Erna Osland fekk Nynorsk barnelitteraturpris for boka Nasevis. Prisen har vore delt ut sidan 1968 og er på 30.000 kroner.

– Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2013 gjer eit særs viktig arbeid med å produsera nyskriven faglitteratur for ungar, seier juryen i grunngjevinga si.

Erna Osland har skrive mange gode fagbøker om ulike emne, og fleire av desse bøkene høver godt for eldre ungar, ei lesargruppe som har færre bokutgivingar retta til seg. Juryen meiner prisvinnaren fortener heider for satsinga på faktabøker for denne lesegruppa, og med vinnarboka stadfestar forfattaren posisjonen sin innafor sjangeren.

I juryen for Nynorsk barnelitteraturpris har i år vore Margit Ims, Arild Torvund Olsen og Anne Skaret. Dei skriv elles:

– Forfattaren har eit godt blikk for detaljar, som blir nytta som innfallsvinkel og fellesnemnar i ei rekkje av utforskande faktabøker, og det er nett i det kvardagslege og alminnelege at forfattaren faldar ut ei fantastisk verd for lesaren. Det er eit godt forteljargrep som får lesarane med til å tenkje utanfor vante kategoriar og oppdage nye samanhengar. I vinnarboka er nasar ein slik fellesnemnar, og boka femnar om både menneske- og dyrenasar, store som små.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...