Heim Nyhende Nynorske tekstar om kultur og korona blir vandreutstilling

Nynorske tekstar om kultur og korona blir vandreutstilling

Etter at koronapandemien braut ut i mars, utfordra Nynorsk kultursentrum kunstnarar, vitskapsfolk og andre til å fortelja om denne tida. På nyåret blir bidraga deira forma til ei vandreutstilling.

– Det betyr at folk rundt om i landet kan tinga innhaldet som ei utstillinga og til dømes visa henne på biblioteket sitt, skulen sin eller andre lokale der ein ønskjer å visa fram utstillinga, seier dagleg leiar Tone Slenes ved Ivar Aasen-tunet til Nynorsk pressekontor.

Ho fortel at innhaldet er sett saman av 75 tekstar frå forfattarar, andre kunstnarar og andre som har tankar eller synspunkt på det å stå i ei krise og som er inspirerte av koronapandemien.

– Me tenkjer at dei har mykje å koma med. Det kan vera både humor, alvor og refleksjonar som kunstnarane har og som alle kan lesa og bruka til ettertanke eller fornøyelse, seier Slenes

Ho legg til at materialet i tillegg til tekstane også innheld songar, filmar og bilete.

På nettsidene til Nynorsk kultursentrum under fana « Åleine saman – Korona og kulturen» kan du sjølv titt på dei innsende bidraga. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...