Heim Nyhende – Nynorskfråvær på Stortinget.no uverdig

– Nynorskfråvær på Stortinget.no uverdig

Berre fem prosent av aktualitetsoppslaga stortingsadministrasjonen har publisert på Stortinget.no sidan nyttår, er på nynorsk. – Det er ikkje nasjonalforsamlinga verdig, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

 

Leiaren i Løvebakken mållag, Ingrid Heggø, har registrert at det vart lite nynorsk på den nye nettsida som Stortinget lanserte denne veka, men håper at det berre er eit mellombels resultat av omlegginga.

– Mi von er at dette kjem av nylanseringa av nettstaden, seier Heggø og reknar med at nynorskmenyane kjem på plass etter kvart.

Nynorskversjonen av toppmenyen kom da også lynraskt på plass etter at Nynorsk pressekontor skreiv om den nye nettsida torsdag. Men stadig leier lenkene i all hovudsak til reine bokmålsider.

LES OGSÅ: No legg både hotell og bad om til nynorsk

– Ikkje verdig
Heggø ser likevel mest alvorleg på at ein så liten del av det publiserte artikkelstoffet på Stortinget.no er på nynorsk.

– At det redaksjonelle stoffet i all hovudsak er på bokmål, er ikkje nasjonalforsamlinga verdig. Dette forventar eg at det blir ei endring på, og eg vil ta det opp med administrasjonen på Stortinget, seier Heggø.

Da Stortinget lanserte den nye nettsida måndag denne veka, var det nesten utan innslag av nynorsk, også i nynorskversjonen. Nynorsk betyr på nye Stortinget.no eitt og anna nynorskord i ein massiv straum av bokmål. Berre toppmenyen og kolofonen nedst på sida har gjennomført nynorsk tekst.

Lover meir nynorsk
Redaktøren for nettsida, kommunikasjonssjef Siv Nordrum, seier at det var like lite nynorsk før omlegginga som etter, men lover at det skal bli betre.

– Vi arbeider med at omfanget som er på begge målformer, skal bli større, og at det skal bli meir nynorsk i menyar og liknande når ein har valt nynorsk, seier Nordrum i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Før lanseringa har stortingsadministrasjonen gjort eit grundig arbeid med engelskversjonen av sida, som er gjennomført på engelsk i både menyar og innhald. Og mens bokmålsfolk frå lanseringa kan surfe i eit praktisk talt nynorskfritt miljø på Stortinget.no, må nynorskbrukarar nøye seg med eitt og anna «likeverdig» enkeltord på nynorsk i ein massiv straum av bokmål. Berre 3 av dei 56 oppslaga stortingsadministrasjonen har publisert sidan nyttår, er på nynorsk.

– Ein provokasjon
– Dette er ein provokasjon, seier leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.
– Noreg er ein fleirspråkleg nasjon, og da kan ikkje det øvste politiske organet vårt omtale seg sjølv nesten berre på majoritetsspråket, seier Tennø og peikar på den undergravande effekten det har å usynleggjere minoritetsspråket.

– Det er slike sentrale val som gjer at majoritetsspråket blir oppfatta som det normale og dei mindre brukte språka blir oppfatta som særmerkte, seier mållagsleiaren.

Mållaget reagerte òg på det påfallande fråværet av nynorsk da Servicesenteret til departementa (DSS) i byrjinga av desember i fjor lanserte ein ny departementsportal under «fellesnamnet» Regjeringen.no. På den tospråklege sida har DSS meint at bokmål og nynorsk skulle leve i skjønn foreining, men fredag var det på inngangssida berre eitt nynorskord å sjå: «Høyringar» (©NPK).

LES OGSÅ: Språkrådet møter Regjeringa.no

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...