Heim Nyhende Nynorskfylket med konferanse om framtida til det norske språket

Nynorskfylket med konferanse om framtida til det norske språket

Treng vi norsk er eit sentralt tema når Nynorskfylket Sogn og Fjordane 1. november inviterer til språkonferanse om framtida til det norske språket.

 

Arrangøren, Nynorskfylket Sogn og Fjordane, er eit forum for ulike organisasjonar og institusjonar som er opptekne av å fremja nynorsk.

– Sogn og Fjordane er eit sterkt nynorskfylke og husar mange viktige språk- og kulturinstitusjonar. Vi vil vera med og ta ansvar for språket vårt, og difor ønskjer vi å sjå framover og diskutera løysingar og moglegheiter for norsk språk – og ikkje minst for nynorsk, seier assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad, om bakgrunnen for konferansen.

Tilhøvet mellom norsk og engelsk i akademia, arbeidsliv og underhaldningsmedia er blant temaa på språkkonferansen. Treng vi norsk, eller er det greitt at engelsk fortrengjer norsk på desse områda? spør arrangørane.

Konferansen tek også opp stoda for bokmål og nynorsk, konsekvensane dersom språket vårt taper terreng på viktige område, og kva tiltak som eventuelt må setjast inn for å motverka dette.

Til å diskutera desse spørsmåla har arrangørane mellom anna fått med seg både kulturminister Trine Skei Grande, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen, språkdirektør Åse Wetås og ei rekkje andre personar. (©NPK)

Sjå program og påmelding!

Sjå Facebook-arrangementet til dagen!

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...