Heim Nyhende Tore Renberg: – Gå heim og gje nynorsken ein sjanse

Tore Renberg: – Gå heim og gje nynorsken ein sjanse

Stavangerforfattaren vil nynorskforakten i regionen til livs. Målungdommen utfordrar fylkeskommunen og Stavanger.

– Me er ikkje fødde med nynorskirritasjon. Dette handlar, slik eg ser det, om kultur; det handlar om nedarva forakt, det handlar om fordommar, sa forfattar Tore Renberg i opningsføredraget under årets Kapittelfestival i heimbyen Stavanger.

Kapittel, Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom, vert i år arrangert 19.-23. september.

Forfattar Tore Renberg, som debuterte med sin første nynorskroman for to år sidan, brukte opningsføredraget til å forsvara det som majoriteten av folk i Stavanger omtalar som sidemål.

Urban nynorskforakt

Renberg fortel om korleis han vart «sosialisert inn i den urbane nynorskforakten», som slo ut i full blome på ungdomsskulen.

Sjølv meiner forfattaren at nynorskforakten er umoderne, alogisk og irrasjonell og peikar mellom anna paradokset der motstandarane ofte blir nynorskforkjemparar når det kjem til lyrikk.

– Eg går ikkje med på eit syn som seier at det er språket i seg sjølv det er noko gale med. Det er eit for simpelt argument, sa Renberg i føredraget, som er publisert hjå Stavanger Aftenblad.

46-åringen fortel korleis han som ung forfattarspire ikkje opplevde nynorsk som eit reelt litterært alternativ på grunn av dei særeigne konnotasjonane, forakten og at han sjølv ikkje hadde nynorsk som hovudmål.

Målungdommen etterlyser politisk vilje

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, tykkjer det er supert at Tore Renberg nyttar sin posisjon som kjend forfattar og rogalending til å ta eit oppgjer med nynorskforakten i regionen.

Han meiner likevel det må meir politisk enn litterær vilje til for at nynorsken skal få betre kår i området.

– Det spørs om det gjer ein stor forskjell for målsaka i det store og heile om ein forfattar synest nynorsk er fint og seier at fleire i Rogaland og på Vestlandet bør skrive nynorsk og velje det for ungane sine. Men det er flott om det får folk til å tenkje seg om ein gong til om bokmål er det einaste rette, seier Hope til Framtida.no.

Politisk ser han likevel at Stavanger tek større ansvar og sluttar å oversjå nynorsken, samt at Rogaland fylkeskommune kjem med ein plan for å ta vare på nynorsken.

I skuleåret 2017-2018 var det ingen nynorskelevar i grunnskulen i Stavanger, ifølgje tala frå Utdanningsdirektoratet.

På barneskulen har elevar rett til eigen parallellklasse om minst ti elevar har ei anna målform enn det resten av elevane har. Det betyr at foreldra sjølv må vete om rettane sine og ta initiativ for at elevane skal ha nynorsk som hovudmål.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom meiner dette gjer terskelen høg og at nynorskelevar uansett bør ha rett på opplæring i sitt eige språk, på lik linje med samiskspråklege elevar.

– Det er garantert fleire i Stavanger og Sandnes som kjem frå nynorskområde og kunne tenkje seg å velje nynorsk for ungane sine, men det er ikkje alltid kommunane er like flinke til å leggje til rette for det, avsluttar Hope.

LES OGSÅ: Tore Renberg: – Heia Vestlandet, heia nynorsken!

– Nynorsk er det beste skriftspråket for oss

Renberg meiner at nynorsk er det «skriftspråket som ligg nærmast tanken og talen til stavangerfolket» og at det difor er eit paradoks det offentlege og mest brukte skriftspråket i regionen er bokmål.

Han peikar på at dialektstoltheita i dag er vorte stadig større og breiare, noko som kjem til uttrykk både i musikken og sosiale medium.

– Kidsa i dag, dei preikar lingo som dei vil. Dei vil ha det same språket i fingrane som dei har i kjeften. Og dei er framtida, enten me oldisar likar det eller ei. Eg veit det er mange som ikkje vil høyra dette, men språk er identitet og nynorsk er det beste skriftspråket for oss som seier «eg» og «ikkje» og «kor» og «ka» og «helsiken» og «kaffornåge».

Kritikarane trykka den første nynorsk boka hans, Du er så lys, til sitt bryst, men Renberg sjølv har opplevd å få negative tilbakemeldingar frå lesarar. På Kapittelfestivalen kan han avsløra at han kjem til å halda fram å skriva på begge målformer.

Renberg avsluttar foredraget med ei tydeleg oppmoding og utfordring til tilskodarane å gå heim og gje nynorsken ein sjanse.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...