Heim Nyhende Nynorskpris til Christian Wiik Gjerde

Nynorskpris til Christian Wiik Gjerde

 

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar går i 2013 til programleiar Christian Wiik Gjerde. Han får prisen for god bruk av dialekt og nynorsk i notidas barnetime, Superblokka i NRK P1.

 

 

– Det er ikkje alltid journalistar tek barn på alvor når dei skal lage reportasjar med ord frå barnemunn, ofte kan det virke viktigare å få ein artig kommentar enn å få vite kva barnet tenkjer og meiner. I Superblokka tek Christian Wiik Gjerde borna på alvor på ein heilt annan måte. Det krev ikkje berre forståing for og erfaring med barn, men også journalistisk teft og kløkt. Han møter dei venleg, ope og med respekt, og byr gjerne på seg sjølv og eigne opplevingar. Det blir det gode samtalar og god radio av, seier juryen i grunngjevinga for prisen.

– Eg er utruleg glad, dette er heilt herleg! Dialekten min og nynorsken, er identiteten min. Språket mitt er Christian, og det er heilt uaktuelt for meg å ”pynte på” det. Nynorsk er for meg verdas vakraste og rikaste språk!, jublar Christian Wiik Gjerde.

– Eg snakkar norsk, det er klart dei forstår meg! I motsetting til mange vaksne har ikkje barn fordomar mot nye ord. Om vi skal skåne folk frå ein dialekt fordi vi er redd for at barn ikkje forstår, misser vi til slutt språket og forståinga. Barn forstår langt meir enn vi trur. Språk og dialekt er ein kulturarv som skaper identitet for barna våre, seier Gjerde.

Christian Wiik Gjerde (1981) kjem frå Tjørvåg i Herøy kommune, Møre og Romsdal. Han var lærar før han vart rekruttert inn i NRK gjennom NRK Nynorsk mediesenter. Gjerde brukar dialekt og nynorsk med den største sjølvfølgje, og skriv nynorsk på nettsidene til NRK Super.

Juryen legg vekt på at dette medfører at born frå både nynorsk – og bokmålsområde tidleg får høyre nynorsk i radio og på nett. Vi møter nye ord kvar dag og kvart år heile livet. Orda gjer verda større og vi veks sjølve gjennom dei. Dette gjeld ikkje minst ungar, for dei er orda ei dør til den store verda. Motsett mange vaksne, har ikkje borna fordomar og motvilje til å lære seg nye ord – tvert imot er dei forvitne og vil lære seg så mange som råd er.

– Det verkar som om NRK Super har teke dette inn over seg dei seinare åra. Dialektmangfaldet er stort, fleire av dei utanlandske filmane som blir sendt i barne-tv, er dubba med dialektar, ofte med fleire ulike dialektar i same program. Dei mange programvertane, anten dei er menneske eller dokker, brukar dialekt på ein trygg og naturleg måte. Ikkje berre i Superblokka, men også i barne-tv, Super-quiz, Supernytt og andre program. Dette er svært viktig og gledeleg, meiner juryen for Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar.

I juryen er NRK-journalist Gry Molvær leiar. Ho har med seg Tom Hetland, kommentator i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Prisen er på 50.000 kroner og vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 28. juni

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...