Heim Nyhende Nytt forsøk med stemmerett for 16-åringar

Nytt forsøk med stemmerett for 16-åringar

Forsøksordninga med stemmerett for 16-åringar frå kommunevalet i 2011 blir truleg vidareført ved neste lokalval, varslar kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

 

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre spør i eit skriftleg spørsmål Sanner om korleis regjeringa vil følgje opp evalueringa. Torsdag kom svaret frå Sanner.

 

Der står det at regjeringa ikkje vil lovfeste stemmerettsalder på 16 år, men at departementet har merkt seg det politiske engasjementet i saka.

– Departementet tek difor sikte på å vidareføre forsøksordninga med nedsett stemmerettsalder ved kommunevalet i 2015, skriv Sanner.

– Svært gledeleg
Rotevatn ser positivt på svaret frå regjeringa.

– Det er svært gledeleg at regjeringa vil la 16- og 17-åringar stemme også ved neste lokalval. Det gir moglegheit til å skaffe meir kunnskap, og det gir fleire moglegheit til å delta i demokratiet, seier han til NTB.

LES OGSÅ: – Blir overkøyrt utan stemmerett

Håpar på utviding
Ved valet i 2011 deltok 20 kommunar i forsøksprosjektet med nedsett stemmerettsalder.

Stian Seland, leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), er også svært glad for at forsøket held fram.

– Eg håpar også at talet på kommunar som får vera med blir utvida, slik at alle som ønskjer å delta i stemmerettsforsøket får lov til å delta, seier han til Framtida.no.
I 2011 var det 143 kommunar som søkte om å få vera med. Allereie har Oslo bystyre vedtatt at dei vil søkja om å delta i stemmerettsforsøket.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...