Heim Nyhende Strengare språkreglar i Sogn og Fjordane

Strengare språkreglar i Sogn og Fjordane

Dei tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune får ikkje lenger lov å skriva «me» og bruke a-ending når dei skriv offentlege brev. Språkrådet meiner dei nye språkreglane bør endrast.

– Me er litt overraska over at dei vel ut enkelte av dei likestilte skrivemåtane framfor andre. I nynorsk er både «vi» og «me» likestilte former. Det same er a-ending og e-ending, som «vera» og «vere», seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet til NRK.

Innsnevring av språket
I fjor haust vedtok fylkeskommunen nye og innsnevra språkreglar som pålegg tilsette å bruka e-ending og «vi» i staden for «me». Den språklege innsnevringa vekkjer reaksjonar, mellom anna i Sogn Avis.

– Eg tykkjer det er for dumt at det skal vera så firkanta. Eg slit med å forstå motivasjonen og grunngjevinga for å gjera det, seier redaktør Jan Inge Fardal.

I lokalavisa hans brukar journalistane konsekvent a-ending på infinitiv av verb, altså «å gjera» i staden for «å gjere». Avisa brukar også «me» i staden for «vi». Men desse formene er altså ikkje lenger lov å bruka i offentlege skriv frå fylkeskommunen.

Dei nye reglane er ein del av ein språkbruksplan som skal gjera språket i fylkeskommunen betre og meir korrekt. Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet rosar sjølve planen som han meiner viser at fylkeskommunen tek språket på alvor.

Og han ser at ei rettesnor kan vera nyttig når to eller fleire sakshandsamar jobbar med det same dokumentet og er usamde om kva ordformer dei skal bruka.

– Men å skulle pålegga alle sakshandsamarar å velja den eine forma framfor den andre, er litt merkeleg. Eg ser vel ikkje heilt behovet for det heller, seier Vonen.

Skal sjå på reglane
Fylkesrådmann Tore Eriksen er den ansvarlege for dei nye reglane i språkbruksplanen. Han seier dei vil ta oppmodinga frå Språkrådet på alvor.

– Me får sjå kva me kjem fram til. Det viktigaste er at me har fått til ein veldig god språkbruksplan, med gode tilbakemeldingar både frå mållaget og fagmiljø elles. No vil me ha kontinuerlege vurderingar og gjera endringar der det er fornuftig. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...